BPA-kutt stoppar familieturane for Tonje

6 hours ago 5



– Eg har mista nattesøvnen etter eg fekk vite det.

Det seier 26 år gamle Tonje Grønbech. Ho har ein alvorleg muskelsjukdom og treng hjelp døgnet rundt.

Når ho reiser, må assistentane vere med. Men etter ei endring i heimkommunen Sandnes må familien sjølv dekke mesteparten av utgiftene.

Det betyr at dei risikerer å måtte bli heime.

Tonje Grønbech har ein sjeldan muskelsjukdom og sit i rullestol

Tonje Grønbech har ein sjeldan muskelsjukdom som gjer at ho sit i rullestol.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Tonje har muskelsjukdommen SMA og treng hjelp døgnet rundt.

Om ho skal på tur, må ho ha med to assistentar fordi loven seier det.

Må spare 50.000 ekstra til ferien

Pengane assistentane får til å dekke utgifter medan dei er på jobb for ein brukar, er kutta med to tredjedelar i Sandnes.

– Dette øydelegg for fridommen min og gjer at eg kjenner meg meir handikappa, seier Grønbech.

Familien Grønbech

Familien Grønbech bur i Sandnes, og elskar å reise når dei kan. Etter at endringane vart varsla, kjenner Tonje seg meir låst til huset.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Før vi fekk vite om endringane, hadde vi allereie bestilt ferietur. No må vi spare rundt 50.000 ekstra for å klare å legge ut for assistentane, seier Grønbech.

Ferieturen er til å delta på arrangement om sjukdommen hennar i Amerika.

– Om ikkje reglane endrar seg, blir dette siste utanlandstur med to assistentar, seier ho.

Morten Grønbech

Morten Grønbech med dottera. Han er redd for at familien får gjort mindre saman.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Ho risikerer også å ikkje få besøkt svigerfamilien i Oslo like ofte.

Mannen hennar, Morten Grønbech, synest også situasjonen er trist.

– Det går ikkje berre ut over Tonje, men heile familien. Eg håpar jo at dette ikkje vil føre til at vi ikkje får besøkt foreldra mine lenger, men det ser nok slik ut.

Kommunen: – Eit forsvarleg nivå

BPA-ordninga er styrt av kommunane. Derfor er tilbodet ulikt rundt om i landet, men i Sandnes meiner dei at det held eit forsvarleg nivå.

– Dette er heilt klart ein reduksjon, men dette er for å sikre eit tilstrekkeleg tenestetilbod slik at ein skal ha ein lik pris for alle leverandørane, seier Gunn Vignes, verksemdsleiar i samordningseininga i Sandnes kommune.

Ho seier at Sandnes, Sola og Randaberg følger etter BPA-reglane som allereie er i nabokommunen Stavanger.

Gunn Vignes

Gunn Vignes er verksemdsleiar for samordningseininga i Sandnes kommune og svarar at endringane er forsvarlege.

Foto: Eva By / NRK

Verksemdsleiaren meiner at overføringane er eit tilstrekkeleg beløp i BPA-ordninga.

Men, ho er klar for å gjera endringar skulle det skje.

– Eg forhalde meg til at BPA per dags dato i helse- og omsorgsloven. Dersom BPA i framtida blir ein statleg ordning, vil vi forhalde oss til det, seier ho.

Vil ha nasjonal løysing

Det er nemleg ikkje uvanleg at innbyggarar flyttar til ein kommune med betre BPA-tilbod.

Det stadfester Humana omsorg og assistanse, ein av dei store BPA-leverandørane i Noreg.

– Ofte får vi førespurnader frå folk som spør oss om kvar dei bør flytte. Dei blir BPA-flyktningar, og nokon blir BPA-nomadar, seier divisjonsdirektør i Humana, Jon Torp.

Prima Assistanse, ein annan stor leverandør for BPA, ynskjer at ordninga skal bli statleg styrt.

– Då hadde ikkje ordninga vore urettferdig ut ifrå kor ein bur, seier Aina Hatletvedt, fagansvarleg Prima Assistanse.

Aina Hatletvedt, fagansvaglig Prima Assistanse

Aina Hatletvedt er fagansvarleg for Prima Assistanse og meiner ulike tilnærmingar gjer tilbodet urettferdig.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Tonje Grønbech nyttar seg av tenester frå Prima Assistanse. Sandnes kommune har også avtale med BPA-leverandørane Mio BPA, Stendi og Humana.

Torp i Humana er einig med Hatletvedt i Prima Assistanse.

– Løysinga på dette er å løfte BPA ut av kommunal forvaltning og over på sentral statleg forvaltning. Humana vil helse ei slik endring velkomen, seier han.

Nina Bjørum, dagleg leiar i Mio BPA, seier til NRK at ei statleg styring hadde sikra likt tilbod uansett kva for ein kommune ein budde i. Også Stendi har same standpunkt.

Ellen Moen Ronning Arnesen

– Det er viktig at det leggjast til rette for størst mogeleg inkludering og deltaking i samfunnet. BPA gir for svært mange nødvendig fridom til å leve et godt liv, seier statssekretæren.

Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet seier til NRK at dei har teke imot ei rekkje innspel om at regelverket blir praktisert svært ulikt frå kommune til kommune.

– For å gjere ordninga betre, sende vi ut eit rundskriv om BPA til landets kommunar og statsforvaltarar i haust. I tillegg jobbar vi med tiltak som skal bidra til gode vedtaksprosessar for kommunale helse- og omsorgstenester, seier statssekretær Ellen Rønning-Arnesen.

Publisert 05.05.2025, kl. 22.57

Read Entire Article