Restauranten Hon San har asiatisk buffé der kundane får ete så mykje dei vil for 365 kroner.
Tilbodet er populært, men det var ikkje alle som klarte å styre seg.
Bufféen hadde ei bakside: Matsvinn.
– Når du ser masse freistande mat, så er det veldig lett å ta meir enn du klarar å ete, seier Lee Man Hong.
Hos Hon San kan kundane velje mellom ulike asiatiske freistingar.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKKundane kan plukke ut råvarene dei vil at kokken skal steike.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKDet ventar straff for dei som tek meir enn dei klarar å ete.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK
Kjøkkensjefen tenkte i årevis på korleis han kunne få kundane til å kaste mindre.
Løysinga fann han på ei reise i Asia.
100 kroner i bot for dei som legg igjen mat på fatet.
– No ser eg at kundane tenker seg om når dei forsyner seg, seier Hong.
Det er 52 år sidan Lee Man Hong flytta frå Hongkong til Noreg som tiåring. Han har drive restaurant i Oslo i 37 år.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKUsikker statistikk
– Eg synest det er råtøft at dei tør å prøve dette, seier forskar Aina Stensgård ved Norsk institutt for bærekraftsforskning.
Dei reknar med at 451.600 tonn etande mat gjekk i søpla her i landet i 2023.
Det svarar til 82,3 kilo matsvinn per person i året. Det meste av svinnet skjer i norske heimar og i jordbruket.
Forskarane trur serveringsbransjen står for omtrent 4 prosent, men tala er usikre.
Norsus starta kartlegging i 2017, men pandemien stakk kjeppar i hjula. I tillegg er det ei stor næring med mange drivarar.
– Det er lettare å kartlegge daglegvare der det er nokre få store aktørar. Når du har fått med dei, så har du kjempegode tal. Men i restaurantbransjen er det fleire tusen eigarar. Då er det mykje vanskelegare å finne eit system som passar for alle, seier Stensgård.
Forskar Aina Stensgård meiner trengst fleire verksemder som prøvar ut grep mot matsvinn.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRKRapporteringa er frivillig og det er svært få restaurantar som tek del.
– Det vi veit heilt sikkert er at buffé er ein drivar for matkasting. Eit innføring av bot trur eg kan vere ein «gamechanger», men då må fleire tørre å ta det i bruk, seier Stensgård.
Stor endring
I vår vedtok Stortinget ei ny lov mot matsvinn, men i fyrste omgang vil den berre gjelde for store verksemder.
Hon San innførte bot for litt over eit år sidan og kjøkkensjefen meiner han har funne ei god løysing.
– Endringa har vore svært stor. Vi kastar nesten ikkje mat lengre. Folk et opp alt og smiler. Det er kjempehyggeleg, seier Hong.
Denne familien feira bursdag på restauranten. Alle hadde fått med seg risikoen for bot og hadde tomme fat.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– Eg synest det er eit fint tiltak. Det er viktig å ikkje kaste mat og skiltet fekk meg til å tenke på å ikkje ta meir enn eg klarar å ete, seier Natasha Johnson.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– Eg synest det er litt både og. Eg er veldig for å ikkje kaste mat, men det er jo litt kjedeleg å få bot dersom du ikkje likar mat, seier Karoline Disch.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKDenne kunden slapp bot.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK
– Har du delt ut mange bøter?
– Bere to. Den eine hadde lagt igjen eit halvt kilo kjøtt og 20 scampi på fatet. Då har ikkje eg dårleg samvit for å ta 100 kroner ekstra.
– Då du annonserte dette på Facebook kommenterte enkelte at det var ein utspekulert måte å tene meir pengar på. Kva svarer du til det?
– Om dette var for å tene meir pengar, så har det vore eit dårleg tiltak. Vi har jo berre fått inn 200 kroner. Men det er klart at vi sparar pengar på å redusere matsvinn. Det er bra for alle det, seier Hong.
Hos Hon San kan kundane velje mellom ulike asiatiske freistingar. «All you kan eat» men ikkje meir.
Per-Ivar Kvalsvik / NRKPublisert 30.06.2025, kl. 05.55