Børsuroa: – Mange har fått høgdesjuke og vil ta gevinst

1 month ago 54



Aksje- og fondssparar har kanskje sett verdiane svinge ein del den siste tida. NRK har snakka med to som kan ha ei forklaring på det.

Dei store teknologikjempene på Wall Street har fått svi den seinare tida, og torsdag var det fall å spore på alle dei store indeksane i USA. Stemninga har surna ytterlegare i opningstimane på Wall Street fredag ettermiddag.

Også i den asiatiske marknaden var det markant nedgang i morgontimane fredag, kor børsen i Japan hadde eit av dei største falla på ein dag i historia, ifølgje Financial Times.

Også Oslo Børs fekk juling fredag, med eit fall på 2,94 prosent. Det er den verste børsdagen sidan mars 2023.

Som vanleg er det svært mange faktorar som saman utgjer årsakene til store utslag i marknaden.

Her er først nokre kjappe forklaringspunkt på kva som gjer marknaden nervøs no:

  • Snur det i amerikansk økonomi? Det er ofte eit tidsspørsmål kor lenge ein økonomi toler ei relativt høg rente, før det startar å butt. To tal har det siste døgnet vist teikn til ei oppbremsing i USA, og fleire lurer no på om den amerikanske sentralbanken har venta for lenge med å kutte renta – og om ein resesjon er i vente.
  • Tek-selskap: Det har vore eit vanvettig godt år så langt for fleire av teknologiselskapa som satsar på kunstig intelligens (KI), i håp om at denne investeringa no skal kaste av seg. Men no er det fleire som peiker på at dette kan ta lenger tid enn tidlegare venta. Og kanskje ikkje KI er den så vanvettig store revolusjonen som mange hadde trudd, spør porteføljeforvaltar Sunniva Bratt Slette i Storebrand. – Mange har fått høgdesjuke og vil ta ut gevinsten no.
  • Uro: Aksjemarknaden er som regel allergisk mot generell uro. No følgjer investorar spent med på situasjonen mellom Israel, Hizbollah og Iran. Ein stor joker er også presidentvalet i USA.
  • Overraskande renteheving: Den japanske marknaden vart onsdag overraska av ei uventa renteheving frå den japanske sentralbanken, som bidrog til nervøsitet der.

Brems i amerikansk økonomi

Ein viktig indikator på industriaktiviteten i USA fall i juli til det lågaste nivået på åtte månader, viste tal torsdag. Det var langt lågare enn venta, forklarer porteføljeforvaltar Melanie Brooks.

Melanie Brooks, porteføljeforvalter i Fondsfinans Kapitalforvaltning.

FØLSAMT: Porteføljeforvaltar Melanie Brooks i Fondsfinans Kapitalforvaltning seier investorane er svært følsame no, og at det er mykje psykologi inne i bildet.

Foto: Fondsfinans Kapitalforvaltning

– Dette er den reelle økonomien, og no er det konkrete teikn til oppbremsing. Innkjøpssjefane i industriselskapa melder om lågare etterspørsel, seier Brooks.

Fredag ettermiddag kom det også tal for kor mange jobbar det vart skapt utanfor landbruket i USA i juli. Det er ein viktig temperaturmålar: blir det skapt mange jobbar, går det godt i amerikansk økonomi.

Fleire månader har det blitt skapt fleire jobbar enn venta, men i juli vart det skapt færre.

Spørsmålet mange stiller no er om den amerikanske sentralbanken (Federal Reserve) ventar for lenge med å kutte renta. Denne veka annonserte dei nok ein gong at renta blir liggande i ro i intervallet 5,25–5,50 prosent. Der har den ligge i meir enn eitt år.

Eit rentekutt vil kunne sette fart i økonomien igjen, men neste sjanse blir i september.

– Det vi ser no er ein rotasjon. Når det er uro, ønskjer investorane å ta gevinst i selskap som har gått godt, så trekk dei seg ut av desse aksjane, og søker seg til tryggare hamner, seier Brooks.

Dei trygge hamnene kan vere gull eller obligasjonar, ifølgje dei to porteføljeforvaltarane.

Skifte i teknologiaksjane

– Teknologiselskap har blitt hardast råka no den siste tida, fordi mange av dei har gått så bra så langt i år. Ting som har gått best er som regel dei som får den raskaste korreksjonen, seier Brooks.

Brooks lurer på om det kanskje no skjer eit skifte. Skulle den amerikanske sentralbanken kutte renta fleire gonger utover hausten, er det fleire vekstselskap som igjen kan få eit oppsving.

– Mange av dei mindre vekstselskapa har lidd av høge renter. Så det kan vere på tide å sjå på fleire av teknologi- og fornybarselskapa som det ikkje har gått så bra med – for kanskje kan dei nyte godt av ei lågare rente på sikt, seier Brooks.

Kva bør norske spararar gjere?

– Det beste er å ta det med knusande ro. Sparer ein i aksjefond bør ein sitte i tre til fem år. Betydeleg lenger enn nokre månader med uro, seier Slette i Storebrand.

Men om ein ikkje får sove om natta, bør ein kanskje posisjonere seg litt annleis, meiner ho.

Sunniva Bratt Slette, porteføljeforvalter i Storeband.

STILLE I BÅTEN: Sunniva Bratt Slette, porteføljeforvaltar i Storebrand, meiner ein bør ha ein langsiktig horisont dersom ein sparer i aksjefond.

Foto: Storebrand

– Ein må ikkje legge alle egga i ei korg, seier Slette.

Sjølv har ikkje Slette tenkt å gjere stort i porteføljen ho styrer i Storebrand. Teamet hennar har blant anna KI-giganten Nvidia.

– Eg er veldig fornøgd med å sitte stille i båten og ikkje gjere kraftige rotasjonar, når det ikkje er nokon underliggande årsaker til at ein skal det, seier Slette.

Publisert 02.08.2024, kl. 16.54 Oppdatert 02.08.2024, kl. 16.56

Read Entire Article