Politiet har gjennom natta og morgontimane jobba med å sikre området rundt ein fotgjengartunnel ved Hopsbukta i Bergen.
Natt til søndag blei det gjort funn av ein mistenkeleg gjenstand i området.
Politiet rykka raskt ut, lokaliserte det som låg i tunnelen og fekk sperra av området.
Ved 12.30-tida opplyser politiet at gjenstanden ikkje lenger er farleg.
I 10-tida kom ein bombegruppe sendt frå Oslo til staden, også krimteknikarar frå politiet bistod i arbeidet.
– Gjenstanden hadde farepotensial
Innsatsleiar i politiet, Rune Vedeler forklarar at gjenstanden blei vurdert som potensielt farleg då politiet kom fram.
– Gjenstanden hadde, slik vi vurderte det, eit farepotensial. Bombetenesta har no gjort den ufarleg.
Innsatsleiar i politiet, Rune Vedeler, opplyser om at gjenstanden no er ufarleggjort.
Foto: Oskar Rennedal / NRKHan fortel at gjenstanden ikkje blei sprengd eller skoten i stykkar, men uskadeleggjort med fagmetodar på staden. Han understrekar at politiet førebels ikkje kan seie noko om kva gjenstanden inneheld.
– Kva den faktisk består av, veit vi ikkje enno. Det vil bli undersøkt nærare i ettertid, seier han.
Slik ser gjenstanden ut.
Foto: Oskar Rennedal / NRKKrimteknikarar tek no over vidare sikring og tekniske undersøkingar av funnet.
Etterlyser vitne
Hendinga blei varsla til politiet rundt klokka 00.30, då ein person ringde inn og melde frå om den mistenkelege gjenstanden i tunnelen.
Politiet ønskjer no å komme i kontakt med alle som kan ha vore i området før funnet.
– Vi er interesserte i å komme i kontakt med alle som har vore i området og kan ha sett noko. Dette er ikkje eit område med mykje ferdsel om natta, så alle observasjonar kan vere viktige, seier Vedeler.
Politiet veit førebels ikkje korleis gjenstanden har hamna i tunnelen, eller kven som kan ha plassert den der.
Tidlegare på dagen opplyste politiet at gjenstanden ikkje utgjorde fare for publikum slik den stod plassert, men at det var nødvendig med spesialkompetanse for å handtere den trygt.
Held fram undersøkingane
Gjennom formiddagen har politiet halde fram med undersøkingar på staden.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Ingrid Teigland Tepstad sa tidlegare på dagen at politiet hadde kontinuerleg vakthald i området.
– Vi har vakthald på staden i påvente av vidare handtering.
Fotgjengartunnelen går under vegen på E39. Hendinga påverkar ikkje trafikken, men eit nærliggande busstopp er mellombels stengd. Busselskap er varsla om endringa.
Politiet vil fortsette å gjere undersøkingar på staden.
Publisert 22.03.2026, kl. 10.59 Oppdatert 22.03.2026, kl. 14.41











English (US)