Blir utkonkurrert av plast: – Fælt at det er sånn

11 hours ago 3



Plast drysser som regel ikkje.

Rimeleg kan det òg vere, om ein bruker det gjennom fleire sesongar.

Men er det like koseleg med eit juletre som ikkje er ekte?

– Det er fælt at det er sånn. At plasten skal overta. Dette er jo ei næring for mange, seier juletrebonde Arnt Kristian Stensholt til NRK.

En person i oransje sikkerhetsjakke og bukser bærer et juletre. Området er dekket av frost med flere juletrær rundt. I bakgrunnen står stabler av innpakkede juletrestammer. Solen skinner fra en klar himmel og gir lys til scenen.

Hadde omsetninga vore betre ville dei heilt klart halde fram som før, seier Stensholt.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Må redusere etter sesongen i år

Salet av juletre går kraftig ned, noko som blei særleg tydeleg under fjorårssesongen.

Då blei det selt 800.000 juletre i Noreg. Det er halvparten så mange som for 15 år sidan.

Juletre

DU GRØNE, GLITRANDE, TRE, ADJØ: Juletre av plast blir stadig meir populære. Det er merkbart hos produsentane av «ekte» tre.

Foto: Torstein Bøe / NPK

Nå vel fleire produsentar å legge ned.

Andre reduserer drifta kraftig.

Ein av dei er Arnt Kristian Stensholt, medeigar i Vestfold Edel juletre.

Framleis har dei mange tre som skal fellast og seljast, men dei plantar langt færre enn før.

HEKTISKE DAGAR: Arnt Kristian Stensholt har drive med juletre i ei årrekkje.

FOTO: Fredrik Pedersen

Hadde omsetninga vore betre ville dei heilt klarte halde fram som tidlegare, seier Stensholt.

Han synest det er ei trist utvikling.

– Det er jo rart at ein må betale sju kroner for ein plastpose på butikken fordi ein vil ha det vekk, samtidig som ein reklamerer for tre av plast.

– Litt synd

Rigmor Galtung går for plast, av omsyn til ein nær slektning som er allergisk.

En person i beige frakk står på en fortau med en pomeranianhund i armene. Bakgrunnen viser bygninger med varierende arkitektur og en rekke uteplasser. Det er en klar dag med sollys, og noen sykler står parkert i nærheten. Området ser ut til å være et offentlig sted med sitteplasser og grøntarealer.

Av omsyn til ein slektning som er allergisk, har Rigmor Galtung eit juletre av plast.

Foto: Kristoffer Edvardsen / NRK

Men det er litt synd, for det er finare med eit ordentleg tre, synest ho.

Du får kanskje ikkje heilt den same lukta i stua?

Nei, men det kan du heldigvis ordne på andre måtar, ler ho.

– Eg synest alltid at det er veldig hyggeleg å komme heim til folk som har ordentleg tre. Det er jo liksom noko eige.

Får du den same julestemninga med eit tre av plast?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Den største trusselen er plast

Morgan Andersson, generalsekretær i Norsk Gartnerforbund, bekreftar den negative utviklinga.

Morgan Andersson, generalsekretær Norges Gartnerforbund

Morgan Andersson, generalsekretær i Norsk Gartnerforbund.

Foto: Photographer: Haavard Ronaes Lagesen

I år 2000 var det rundt tusen produsentar i Noreg. I 2020 var talet knapt fire hundre.

Dette viser ei hagebruksteljing som blir gjennomført på vegner av forbundet kvart tiande år.

– Den nedgangen har halde fram dei siste fem åra, seier Andersson.

Dei ser både import og priskrig som ein sentral del av utfordringa.

Likevel er det «falske» tre som er klart mest utfordrande for bransjen.

– Den største trusselen er plast, slår Andersson fast.

Han meiner det er meir ansvarleg å velje ein ekte variant.

– Å velje plast gir utfordringar når det gjeld berekraft og miljø. Om vi skal halde oppe denne næringa, så må fleire velje ekte norsk juletre, seier Andersson.

Ingen planar om å gi seg

– Eg er veldig glad i heilt vanleg gran, seier Lars Klevsgård.

En person i oransje arbeidsjakke står blant grantrær i en frostklar skog. Det er tydelig at det er vinter, med frost på bakken. Skogen omgir personen, som ser ut til å være i arbeid. Detaljer om person's handlinger er ikke synlige.

Lars Klevsgård vil føre tradisjonen vidare.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Det er kanskje ikkje så overraskande.

Han er tredje generasjons juletreprodusent ved Østre Nystein gard i Bamble, og opplever faktisk ein auke i salet av «ekte» vare.

Her har både foreldre og besteforeldre gått før han, og har sørgja for ein solid produksjon i det små.

Årleg sender han nå rundt 2000 tre i ulike størrelsar gjennom pakkemaskinene.

Han er av naturlege årsaker ikkje så begeistra for tre av plast.

– Den lukta du får frå ei vanleg gran er veldig spesiell.

En nærbilde av et grantrær med frost på grenen står i fokus. Bakgrunnen viser flere grantrær i sollys. Omgivelsene ser ut til være en skog eller plantasjemiljø. Bildet formidler en vinterlig atmosfære.

Juletre på rad og rekke i Bamble.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Klevsgård synest det er synd at kollegaer i bransjen vel å gi seg eller trappar ned.

Foreløpig sit han heilt roleg i båten.

– Eg har halde på med planting av juletre sidan eg var ein liten gutunge, og den tradisjonen skal førast vidare. Dette er viktig for meg.

Hei!

Jeg har skrevet denne saken.

Har du tips eller innspill?

Kanskje det finnes andre temaer du mener jeg burde se nærmere på?

Send meg gjerne en e-post. 

Publisert 07.12.2025, kl. 14.21

Read Entire Article