- OBS! Har du ikkje sett episode 7 av Mesternes mester? Då bør du ikkje lese vidare.
– Isabell ser eg på som den tøffaste motstandaren i ein nattest.
Det seier Jarl Magnus Riiber på veg opp trappa til det mørke nattest-rommet. Etter å ha halde seg trygg i fleire veker, må han no ut i sin fyrste avgjerande duell for å berge plassen i Mesternes mester.
Temaet for den sjuande episoden var «Råskap», og etter fleire tøffe øvingar var det nettopp Riiber og Isabell Herlovsen som enda nedst på lista.
Medan Riiber er i ukjent farvatn, har Herlovsen allereie vore i nattest to gonger tidlegare – og vunne.
– Sjølvtillita er ikkje på topp. Ho er jo dronninga av denne utslagskonkurransen, seier den tidlegare kombinertløparen.
FOKUS: Riiber hadde bra fokus undervegs i testen.
Foto: Skjermdump episode 7 av Mesternes mester / Nordisk Banijay/NRKDå klokka var passert ti minutt gjekk det ikkje lenger for Riiber. Han mista balansen, og ballen trilla ut.
– Det gjekk vel som forventa. Dronninga tok det. Ho kunne sikkert stått der i fleire dagar. Ho er ein verdig vinnar, seier Riiber.
– Eg er sjølvsagt veldig glad for å vere vidare, men det er ein veldig bra mann som står på den andre sida her, seier Herlovsen med gråt i stemma.
SEIGT: Det blei ein seig duell mellom Herlovsen og Riiber. Dei stod fyrst i over ti minutt
Foto: Skjermdump episode 7 av Mesternes mester / Nordisk Banijay/NRK«Rå mentalt»
Tilbake i huset blir Herlovsen hylla av dei andre deltakarane. Etter tre sigrar i nattesten er ho utan tvil sesongens mest seigliva deltakar. No får ho skryt for den mentale styrken sin.
Kristin Størmer Steira meiner fokuset til Herlovsen er nøkkelen:
– Ho er heilt rå mentalt til å halde fokus. Når ho bestemmer seg for noko, gjennomfører ho og følgjer planen sin. I tillegg er ho veldig sterk og snøgg. Ho har mange av dei eigenskapane som skal til for å vere god i denne typen konkurranse, seier Steira.
– Ho er jo «nattest-dronninga» vår.
RÅSKAP: Sjå episode 7 her
Ein berg-og-dal-bane
Herlovsen har kjempa i botnen av resultatlistene store delar av opphaldet. Ho hamna i utslagsduellen allereie i det tredje programmet, der ho slo ut Marte Olsbu Røiseland.
– Det har vore ein skikkeleg berg-og-dal-bane. Eg låg vel eigentleg på botnen nesten heile vegen, seier Herlovsen.
Trass i stadige duellar har ho nekta å gje opp.
– Lærdommen er at ein aldri må gje seg. Sjølv om eg har vore gjennom tre nattestar, står eg her framleis. Det hadde eg aldri sett føre meg då eg drog hit, forklarar Herlovsen.
Sjå portrettet til Isabell Herlovsen.
Ballkjensle
Med 133 landskampar og 67 mål for Noreg har ho ei ballkjensle som kjem godt med. Fleire av deltakarane trur at nettopp fotballbakgrunnen kan ha vore ein fordel.
– Den ballen får eg ikkje heilt taket på. Eg har aldri drive med ballsport, og det skin gjennom i nattesten. At Isabell er god på det, er inga overrasking, erkjende Røiseland då ho måtte reise heim.
Sjølv forklarer Herlovsen suksessen med tunnelsyn:
– Eg kjende at eg hadde kontroll på ballen med ein gong. Straks ein flyttar blikket for å sjekke motstandaren, mister ein kontrollen. Mitt fokus var 100 prosent på den ballen.
Publisert 07.02.2026, kl. 22.36










English (US)