– Nå har vi fått hurtigbåtsatsinga tilbake på rett kjøl, og det er veldig bra, seier finanspolitisk talsperson Marthe Hammer i SV.
– Dette er eit «kinderegg». Ikkje berre kuttar vi klimagassutslepp og sørger for gode kollektivtilbod langs kysten. Vi bygger også eit veldig godt, grønt og konkurransedyktig næringsliv og sikrar arbeidsplassar.
«Klimaversting»
Kamp mot hurtigbåtar som «klimaversting» langs norskekysten var eitt av krava Arbeidarpartiet på søndag måtte innfri. Då vart regjeringa og støttepartia deira einige om revidert nasjonalbudsjett.
- Det er sett av 100 millionar kroner til hurtigbåtsatsing
- Om eitt år skal regjeringa legge fram forslag til nullutsleppskrav som skal gjelde i anbodsrundar frå og med 2029.
Hurtigbåtsatsinga om nullutslepp i Noreg har i praksis segla sin eigen sjø sidan regjeringa fjerna kravet om nullutslepp nærast over natta, meier Marthe Hammer (SV).
Foto: Leif Rune Løland / NRKIfølge Hammer skal regjeringa allereie neste år komme med nullutsleppskrava som skal gjelde frå 2029.
– I to år har det vore uvisst kva nasjonale myndigheiter vil med omlegging til grøn maritim skipsfart. Det var avgjerande at vi nå har blitt samde om at det skal komme nye krav, seier Hammer.
Fylkesordførar kritisk
Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) er ikkje like overtydd om at einigheita om hurtigbåtsatsing og nullutsleppskrav blir eit kinderegg, verken for Noreg eller Vestland.
– I det korte biletet betyr dette dessverre ingenting, for teknologien er ikkje på plass. Hurtigbåtar med nullutslepp som skal gå lange strekk får ikkje ned vekta. Då går ikkje båten så fort som ein hurtigbåt må gjere.
Han helsar likevel ambisjonane velkomne.
– Det som nå kjem på Stortinget er jo bra, for det viser ein vilje til å gå vidare. Me er nok heilt avhengig av statleg finansiering for å knekke denne teknologi-koden.
– Teknisk krevjande
Hammer står fredag morgon klokka 8 på Strandkaien i Bergen, der hurtigbåtar på rekke og rad ligg klare til avgang.
Askøybåten er allereie elektrifisert. Den turen tar 14 minutt. På Sunnhordlandsruta tar den lengste strekninga to timar. Båtane som skal til Nordfjord og Sogn brukar 5–6 timar.
– Sunnhordlandsruta er aktuell for elektrifisering, men det er avhengig av at staten set krav og er med på finansieringa. Båtrutene nordover er framleis litt teknisk krevjande, men Vestland fylke har eigentleg vore klar til å elektrifisere også desse i ganske lang tid.
Men Hammer vedgår at nullutslepp på så lange hurtigbåtstrekningar ikkje er «plankekøyring».
– Det er jo teknisk krevjande, men vi veit at vi har fått til store ting i Vestland før. Vi elektrifiserte ferjene nærast over natta.
Marthe Hammer trur nullutsleppskrav på lange hurtigbåtstrekningar er realistisk om få år. – Vi har fått til store ting i Vestland før, seier ho.
Foto: Leif Rune Løland / NRKNRK
Fride Solbakken, Maritimt Forum
Nye 100 millionar er ein god start, men langt frå nok. Det er viktig at fylka kan søkje på midlane til ordinære anbodsrundar med strenge utsleppskrav. Støtta må heller ikkje avgrense bruken av hybridløysingar. Båtane skal fungere fullt ut frå dag éin, uavhengig av straumbrot eller forseinkingar på land. Også av omsyn til beredskap må det opnast for hybridløysingar.
Eivind Senneset
Kirsten Øystese, Norsk klimastiftelse
Vinglinga med krav som vert varsla og trekkte tilbake gjev uklare signal, og eg tviler på om denne semja gjev nok tryggleik. Hurtigbåtar er krevjande å drifte utsleppsfritt, og innkjøpskrav er nødvendige for store kutt. For å sikre føreseielegheit bør kravet vedtakast i god tid, og det må endå meir pengar til Hurtigbåtprogrammet for å få raskare teknologiutvikling.
Knut Neerland / Knut Neerland / Magent AS
Ingvild Kilen Rørholt, ZERO
Det var dårleg at kravet vart fjerna, og veldig bra at det er tilbake. Forutseieleg politikk er avgjerande for teknologi, verft og utsleppskutt. 100 millionar til Hurtigbåtprogrammet er eit viktig løft for meir kunnskap og pilotering. Samtidig treng fylka nok kompensasjon for merkostnadene til fartøy, ladeinfrastruktur og drift når kravet trer i kraft
Grønt Skipsfartsprogram
Jørgen Laake, Grønt Skipsfartsprogram
Det er bra med eit tydeleg klimakrav frå 2029 som gjev føreseielegheit for fylka og industrien, etter at krava vart sette på pause. Men 100 millionar kroner er eit beskjedent beløp målt mot kostnadene ved nullutslepp. Skal vi lukkast i stor skala, trengst det langt høgare finansiering, særleg i ein tidleg fase der teknologi og infrastruktur framleis er under utvikling.
Corvus Energy
Anri Havard Hebib, Corvus Energy
Utsetjinga av klimakrava var ein stor skuffelse sidan vi hadde investert mykje i å gjere teknologien klar. Heldigvis har nokre prosjekt turt å gå føre. Verdas største heilelektriske hurtigbåt, mellom Argentina og Uruguay, brukar batteri frå Bergen. At vi no har eit konkret årstal er positivt, sjølv om vi gjerne skulle sett at fristen kom før 2029.
Ida Louise Rostad
Bent Martini, administrerande direktør i Havila Kystruten
Positivt at arbeidet er i gang att, men ambisjonane er for låge og tempoet for svakt. Ein frist i 2029 er ei betydeleg utsetjing som skaper uvisse for aktørar som alt har investert. 100 millionar verkar ikkje tilstrekkeleg; sjølv investerte vi 500 millionar ekstra i våre skip. Norsk maritim næring har teknologien, det som manglar er tydeleg politisk vilje og konkrete krav.
– Uvisse har bremsa utviklinga
Maritime CleanTech har vore ein viktig aktør i lobbyarbeidet. Og kommunikasjonssjef Reber Roald Iversen i selskapet har faktisk ei fortid som rådgjevar for SV på Stortinget.
– Kva har Maritime CleanTech gjort for å påverke politikken?
– Vi har sagt ifrå gjennom dialogar, møte og offentleg debatt. Vi er sjølvsagt glade for å ha fått gjennomslag.
– Det er veldig bra at vi no får denne prosessen i gang att, etter nokre år med uvisse, seier Reber Iversen i Maritime Clean Tech.
Foto: Maritime Clean TechHan avviser at vyane til politikarane overdriv kva som er teknologisk mogleg.
– Nei, i dette tilfellet stemmer ikkje det i det heile. Det er eigentleg omvendt.
– Her ligg teknologien i forkant av vyane og ambisjonane til politikarane.
Han vedgår likevel at bransjen før har hatt litt for høge ambisjonar.
– Vi må kanskje innsjå at vi gapa over litt for mykje tidlegare, så det er greitt at vi tar ned ambisjonsnivået litt. Det viktigaste er at det i det minste kjem eit krav der i horisonten.
Publisert 14.06.2026, kl. 09.57














English (US)