Blei kjærleikssvindla for over ein million kroner

1 month ago 24



Dei siste åra har vi sett ein kraftig auke av bedragerimeldingar. Det gjeld også for kjærleiksbedrageri.

Det seier statsadvokat i Økokrim Anne Glede Allum.

Statsadvokat Anne Allum i Økokrim.

Statsadvokat Anne Glede Allum i Økokrim seier alle kan bli svindla.

Foto: Økokrim

Ho seier den typiske kjærleikssvindelen er når ein person manipulerer ein annan til å gi frå seg pengar eller låne bort pengar som vedkommande ikkje får igjen.

I fjor talte Økokrim opp 24 millionar kroner i kjærleikssvindel. Det er første gong dette er rekna ut, og Allum seier mørketala er store.

Når det gjeld kjærleikssvindel, ser vi at den fornærma som regel er kvinner i alderen 50-80 år, og som har profilar i sosiale medium eller på datingnettsider.

Blei forelska

Tone Gautefall bur i Kristiansand og er aleine. Ho snakka mykje med ein sjarmerande mann ho trefte på nettet.

Han var ifølge henne sjølv eigentleg over ligaen hennar, men blei overtydd.

– Eg les breva, ser på bilda, og kan liksom ikkje heilt greie å overtyde meg sjølv om at han er ein svindlar.

Tone Gautefall

Tone Gautefall overførte pengar til ein ukjent konto.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Mannen bad etter kvart om å få låne 300.000 kroner av henne.

– Eg blir veldig i stuss når han begynner å be om pengar.

Tone Gautefall la tvilen til side, ho hadde blitt forelska. Ho overfører til saman 1,3 millionar kroner til ein konto ho får oppgitt.

Kontoen skal vise seg å tilhøyre ein annan.

Kraftig auke i bedrageri

Det har dei siste åra vore ein kraftig auke i talet på svindelsaker, og særleg digital svindel, seier Allum.

Bedrageri kan ramme alle. Tidlegare var det eldre og personar med låg teknologikompetanse som blei svindla.

Ho seier svindlarane blir meir proffe.

Dei kan ramme alle, uavhengig av alder og sosialstatus.

Tone Gautefall skjønte ikkje at ho var svindla før DNB ringde henne.

– Du har nok blitt kjærleikssvindla.

Banken ordna opp for henne og ho fekk alle pengane sine tilbake.

I ein ny podkast frå NRK kjem det fram korleis ein svensk predikant svindlar folk på ulike vis, også gjennom kjærleik.

HFV - Historier fra virkeligheten -Svindler i guds navn - seriebilde - NRK Radio

Tone er ein av fleire som er svindla på ulike måtar av ein svensk predikant.

Pengane Tone overfører går ikkje til kjærasten på nettet, men rett inn på kontoen som er eigd av predikanten.

NRK kjenner namnet hans og har i fleire månader prøvd å få tak i han via e-postar, telefon og sosiale medium utan å lykkast.

Kjenner på skam

Mange blir skamfulle når dei oppdagar at dei er svindla og tør ikkje melde, seier statsadvokat i Økokrim Allum

Bedragarane nyttar sosial manipulering. Så påverkar dei offera til å overføre pengar, gjerne ved bruk av verkemiddel som speler på kjensler.

Derfor er det mange som kjenner seg dumme, fordi dei lét seg lure. Og så tenker dei i ettertid at dette burde eg jo skjønt.

Ho seier IT-tenesta til politiet jobbar med ei ny teknisk løysing som gjer at folk kan melde svindel via pc-en.

Vi forventar at løysingsutvikling og testing startar til hausten.

Tone Gautefall

Tone Gautefall blei sjokkert, da banken ringde.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Tone Gautefall hadde inga aning om det ho var utsett for og blei sjokkert, da banken ringde.

– Eg blei kald, eg blei varm, eg blei livredd. Kva har eg rota meg opp i nå?

Publisert 31.05.2024, kl. 11.34

Read Entire Article