Blei diska etter denne feiringa: – Det irriterer meg

1 hour ago 1



Årsaka var ein «fingerpistol» frå Tshepiso Masalela, i retning andremann Azeddine Habz, på veg over målstreken. Berre eitt hundredel skilde dei to på 1500-meteren i innandørsstemnet i Torún.

– Å vere egga og full av endorfin etter ein siger og at det går over til å vere ein hån, er ein hårfin balanse, seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.

Dette bikka ifølge Vebjørn Rodal over til hån.

I ei fråsegn frå selskapet som representerer Masalela, Newton Agency, fortel at Masalela er skuffa, men at han respekterer reglane og respekterer konkurrentane.

– Det var ei emosjonell avslutning i eit veldig tett løp, men han forstår at gesten kunne bli misforstått, skriv dei i uttalen sendt til NRK.

En atlet fra Botswana feirer med hevede hender på en løpebane. I bakgrunnen er andre utøvere i konkurranse. Atletens drakt er lys blå med teksten "BOTSWANA" og "MASALELA". Det ser ut til å være en internasjonal friidrettsarrangement. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

BLEI DISKA: Masalela skal no fokusere på trening og sesongen som ventar.

Foto: YUICHI YAMAZAKI / AFP / NTB

Norsk dommar: Gult kort ville vore nok

Diskvalifikasjonen har skapt stor debatt på sosiale medium, der blant tidlegare verdsmeister på 100 meter, Fred Kerley, er blant dei som har meldt seg på.

Spørsmålet som har vore diskutert er om det var rett å diskvalifisere Masalela, med fleire splittande meiningar.

Thor Gjesdal er internasjonal friidrettsdommar. Han meiner situasjonen er vanskeleg, og stiller spørsmålet om dette berre er noko som blir gjort for «show», eller om det er litt meir som ligg bak.

– I utgangspunktet så trur eg at eg ville tolka det der som showing. Eg synest det er litt strengt å diskvalifisere han, men han kan godt få eit gult kort og ei åtvaring, seier han til NRK.

Han spør vidare retorisk om korleis det ville blitt tatt imot om det var Usain Bolt som gjorde det same, og seier han trur det sannsynlegvis ikkje ville blitt reagert på.

– Eg trur det berre rett og slett er eit bitte lite hovudmist. Eg synest det blir for strengt å diske han på det, seier Gjesdal.

– Irriterer meg

Gjesdal meiner regelverket ikkje er veldig presist, og at det derfor er mykje rom for tolking for dommarane.

Her meiner han altså at det såg ut til at Masalela først og fremst var glad, og at ei åtvaring hadde vore tilstrekkeleg.

– Eg er ikkje sikker på om det hadde skjedd med ein meir profilert utøvar. Og det irriterer meg litt. For det skal jo vurderast likt uansett, seier Gjesdal.

Sjølve hendinga skjedde altså i gullstemnet i polske Torún søndag. Hadde resultatet blitt ståande, hadde Masalela sett ein klar personleg og nasjonal rekord, med tida 3.32,55.

Ifølge Rodal er det ingen tvil om at idretten må ha rom for kjensler, men han meiner denne spesifikke hendinga kryssa ei grense.

– Ein må tillate litt showing, men dette er ikkje ein heldig gest. At det blir ein reaksjon er heilt «fair», når det blir harselas mot andre konkurrentar, meiner Rodal.

Det er sjeldan vi ser diskvalifikasjonar baserte på feiringar i friidretten. Nettopp derfor meiner Rodal at denne reaksjonen kjem; for å sette ein standard.

– Det er ikkje ofte feiringar blir dratt for langt, og eg trur det er derfor dei reagerer på det no. Dei vil ikkje opne for ein trend, meiner Rodal.

USA tok OL-gullet med seg hjem

Publisert 24.02.2026, kl. 17.08 Oppdatert 24.02.2026, kl. 17.10

Read Entire Article