Biskop bad Trump «vise nåde» mot LHBT-personar og ulovlege migrantar

3 hours ago 4



– Der finst homofile, lesbiske og transkjønna barn i familiar som støtta demokratiske, republikanske og tredjepartskandidatar. Nokre av dei fryktar for liva sine.

Dette sa den amerikanske biskopen Marianne Edgar Budde til president Donald Trump, under ei innsettingsgudsteneste i Washington National Cathedral.

Gudstenesta var ein del av ein større bøntradisjon som går på tvers av trusretningar. Tradisjon tru blei halde dagen etter innsettingsseremonien.

Biskop Mariann Edgar Budde på preikestolen

Biskop Mariann Edgar Budde på preikestolen.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

Bøna handla i hovudsak om at den nye administrasjonen til Trump skal lukkast i sine oppdrag, men blei uvanleg konfronterande då biskop Budde fekk ordet.

Talen fall ikkje i god smak hjå den nyinnsette presidenten.

– Ho er ikkje veldig flink til jobben sin! Ho og kyrkja hennar skuldar samfunnet ei unnskyldning!, skreiv Trump på sitt sosiale medium, Truth Social i etterkant.

– Modig

Budde er ei viktig stemme – éi av dei få som i høve innsettinga av president Trump har minna han på kva respekt for grunnleggande menneskerettar betyr i praksis.

Det seier Patricia Kaatee, politisk rådgjevar i Amnesty Norge.

Norske interesseorganisasjonar for LHBT og minoritetar hyllar den 65 år gamle biskopen.

Hanne Lyseth

Generalsekretær i Skeiv Verden, Hanne Lyseth, synest det er trist å sjå Trump sin respons til talen av biskop Budde.

– Eg synest talen hennar var rørande. Det var modig å ta det opp i den posisjonen ho er i, seier generalsekretær i Skeiv Verden, Hanne Lyseth.

Talen til biskopen kom etter at Trump sende ut presidentordre om å erklærer at dei føderale styresmaktene berre anerkjenner to kjønn: mann og kvinne.

Lyseth fryktar at Trump sin politikk mot LHBT-grupper kan føre til auka hatprat og vald mot skeive.

–Dette kan også smitte til Noreg, legg ho ved.

Sarah Kate Ellis leiar GLAAD, ein organisasjon som vernar om LHBT-personar sine rettar i USA. Ho takkar biskopen for appellen sin på det sosiale mediet Bluesky.

– Ho konfronterer makt med sanninga, skriv Ellis.

Sarah Kate Ellis

Sarah Kate Ellis er leiar for organisasjonen GLAAD.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Ei bønn til dei sårbare

– Du har følt den forsynande handa til ein kjærleg gud, sa biskop Budde, eit nikk til at Trump sa gud redda han frå attentatet i Pennsylvania «for å gjere Amerika storslege igjen».

Biskop Budde viste også til alle migrantane i USA, «som jobbar i fjøsa og slakteria, som tek oppvasken på restaurantar og tek nattevaktene på sjukehusa».

Biskop Budde og Trump under gudstenesta i Washington

Biskop Budde og Trump under gudstenesta i Washington.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

– Dei er kanskje ikkje borgarar, og har kanskje ikkje den rette dokumentasjonen, men det store fleirtalet av innvandrarane er ikkje kriminelle, sa ho vidare.

– Eg ber deg, herr president, om å vise nåde til borna i samfunna våre som er redde for at foreldra deira skal bli tekne bort, og at du hjelper dei som flyktar frå krigssoner og forfølging.

Trump og førstedame Melania sat på første rad i gudstenesta og høyrde på appellen med steinansikt.

JD Vance såg ut til å høyre på i vantru, og kika tidvis bort på kona Usha ved si side.

Bønetensete i Washington National Cathedral

Gudstenesta i Washington National Cathedral er tradisjon for presidentar på begge sider av amerikansk politikk.

Foto: Evan Vucci / AP

I tillegg til å ordre om to kjønn, har Trump kome med ei rekke presidentordre om strengare vakthald og reglar ved grensa i sør, og om rettigheitene til barn av migrantar.

Den amerikanske sivilrettsunionen (ACLU), saksøkte Trump-administrasjonen på måndag for forsøket hans på å gjere slutt på «føderetts-borgarskap».

Dette er ei lov som gjer at alle som blir fødde i USA har automatisk rett på amerikansk statsborgarskap. Den er grunnlovsfesta, og er difor spesielt vanskeleg å avskaffe.

Trump: – Ein hardnakka Trump-hatar

Då ho var ferdig å tale, lente Trump seg bort til Vance for å seie noko. Visepresidenten svarte ved å riste på hovudet.

Til spørsmål frå pressa då han var på veg ut av kyrkja, sa Trump at han «ikkje synst det var ei god gudsteneste».

Donald Trump talar i Roosevelt-rommet i Det kvite huset

Trump går til hardt angrep på biskopen på Truth Social. Han skriv at tonen ho snakka i var «avskyeleg», og at ho var lite overtydande.

Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP

Han har seinare kommentert utspela på sin eigen sosiale medieplattform, Truth Social.

– Den sokalla biskopen som snakka på den nasjonale gudstenesta tysdag morgon var ein hardnakka Trump-hatar på den Radikale Venstresida, skreiv han.

På X har kongressrepresentant for Georgia Mike Collins delt ein video av biskopen sin appell.

– Personen som leverte denne gudstenesta bør bli lagt til på deporteringslista, skreiv han.

Publisert 22.01.2025, kl. 14.46 Oppdatert 22.01.2025, kl. 14.51

Read Entire Article