Alt du vil vite om fjerde energipakke – men ikkje tør å spørje om

3 hours ago 6



EUs fjerde energimarknadspakke har vore ein verkebyll for Støre-regjeringa sidan begynninga, og i morgon er det slutt på praksisen med å sparke ballen framfor seg.

Da møtest statsrådane frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet for å ta stilling til tre delikate spørsmål – alle med potensial til å sprenge regjeringssamarbeidet:

  • Fornybardirektivet
  • Bygningsdirektivet
  • Energieffektiviseringsdirektivet

Kva er det med desse EU-direktiva?

Kan regjeringa gå utanom det som gjer mest vondt?

Og kva vil EU-harmoniseringa bety for straumprisen du betaler?

Vi tar det i tur og orden.

Kva inneber denne energimarknadspakken?

Den fjerde energimarknadspakken, eller «Clean Energy for All Europeans», består av totalt åtte forordningar og direktiv (les om alle her). Den mest omstridde gjeld fullmaktene til Acer i spørsmål om grenseoverskridande energistraumar.

Kvifor er dette så vanskeleg for regjeringa?

Debatten om energipakken overlapper med «gamle» og uoppgjorte spørsmål knytt til EU og europeisk integrasjon.

Noreg har drive kraftutveksling med Norden og omkringliggande land sidan 60-talet. I stort er norske politikarar samde om at kraftutvekslinga har tent landet godt.

Dei siste åra har likevel delar av systemet vorte meir omstridd, symbolisert ved den såkalla «Englandskabelen» som kom i drift i 2021.

Satt på spissen representerer pakka eit veiskille der Senterpartiet må bøye av og akseptere utviklinga mot tettare europeisk kraftsamarbeid, eller gå ut av regjeringa.

strømprisen

– Denne debatten er krevjande for dagens regjering, der Ap og Sp står steilt mot kvarandre. Men han vil vere minst like vanskeleg for ei eventuell ny regjering beståande av Høgre og Frp, seier Lars H. Gulbrandsen, som er forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Forordningar og direktiv? Kva er forskjellen?

Ei forordning er bindande i sin heilskap, mens eit direktiv lèt det vere opp til kvart medlemsland å bestemme sin veg til eit felles definert mål.

Hovudforskjellen er altså at direktiva er meir fleksible enn dei «strenge» forordningane.

Viktigare: Gjer pakken at Acer får meir makt?

Ja, det gjer han. Samanlikna med den tredje energimarknadspakken – som Noreg innlemma i 2018 – har Acer fått eit nytt mandat som «tvisteløyser». Om nasjonale reguleringsmyndigheiter ikkje klarer å bli einige seg imellom, kan det bli opp til Slovenia-baserte Acer å ta ei avgjerd.

Høgsterett karakteriserte denne myndigheitsoverføringa som «lite inngripande» i 2023, men debatten om «suverenitetsavståing» viser få teikn på å stilne.

Les grunngivinga til Høgsterett her.

Kan eit mektigare Acer «tvinge» oss til å erstatte eller fornye dei pensjonsklare kablane som går til Danmark?

Nei, nye mellomlandskablar – både heilt nye og gammal-nye – er ei suveren avgjerd for norske myndigheiter. Dette omfattar også dei slitne danmarkskablane Skagerrak 1 og Skagerrak 2 (sjå under).

Kan vi framleis avgrense utvekslinga og «strupe» kablane når vi måtte ønske det?

Dette handlingsrommet er allereie svært avgrensa. Reguleringsstyresmakta for energi (RME) leverte i 2022 sine faglege vurderingar om kor stort handlingsrom Noreg har til å redusere kraftoverføringa til utlandet. Dei konkluderte med at EØS-avtalen berre opnar for restriksjonar når spesielle omsyn tilseier det.

Høge straumprisar var ikkje ein god nok grunn, vurderte dei.

Slik har Norge blitt tettere koblet på Europa med kraftkabler

Norge er en del av et kraftmarked som er knyttet til Sverige, Danmark, Storbritannia, Tyskland, Polen, Russland, Nederland og Baltikum med kabler. Målet er å jevne ut prisforskjeller og å styrke energisikkerheten.

Kva vil energimarknadspakken bety for straumprisen eg betaler?

Den fjerde energimarknadspakken inneheld krav om auka bruk av fornybar energi, energieffektivitet og modernisering av kraftmarknaden. Alle tre er eigna til å påverke straumprisen begge vegar.

Straumen kan bli dyrare, og han kan bli rimelegare.

Sikkert er det at prisen blir bestemt på den europeiske kraftbørsen, Nord Pool, og at straumen flyt dit han er dyrast. I Tyskland ligg framtidskontraktane på straum på meir enn 1 krone per kilowattime – både for 2025 og 2026.

– Det er ingen garanti for at det blir faktisk prisnivå, men dette er kva marknaden forventar, seier Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy.

I den nye rapporten Økonomiske utsyn varslar EU-kommisjonen at dei ventar «jamt høge» energiprisar fram til 2026.

Kan vi droppe dei «kjipe» delane av pakken, og berre innføre dei direktiva «vi liker»?

EU-kommisjonen har uttalt at det kan vere rom for nasjonale tilpassingar, men ingen detaljar om kva dette i realiteten betyr.

Det er ikkje noko automatikk i at heile fjerde energimarknadspakke må innlemmast, sjølv om delar av den blir det, seier Cathrine Banet, professor i EØS-rett ved UiO.

Ho legg til at det alltid er ei vurdering av relevansen og behov for tilpassingar.

I det veg det tungt at dei nye rettsaktene bygger på gamle rettsakter som allereie er innlemma i EØS-avtalen. Men det ofte skjer av rettsaktene speler på kvarandre på tvers av ein lovgivingspakke. Derfor er det ikkje lett å splitte opp ein pakke.

Olje- og energiminister Terje Aasland saman med EUs energikommissær Kadri Simson på energiseminar i Brussel

Olje- og energiminister Terje Aasland saman med EUs energikommissær Kadri Simson på energiseminar i Brussel

Foto: EU-kommisjonens mediaservice

Kan Brussel straffe oss om vi ikkje får opp farta?

I teorien kan EU straffe Noreg dersom pakken ikkje blir norsk lov. Straffa kan vere at dei set til side andre delar av EØS-avtalen som Noreg ser seg tent med.

Sikkert er det at Brussel er irritert over korleis Noreg sleper beina etter seg.

I fjor vår gav Kadri Simson Noreg 126 dagar på å vedta direktivet. «I fråvær av framdrift vil Kommisjonen vurdere alle nødvendige steg som kan måtte takast for å bevare integriteten til den felles indre marknaden vår», nærast trua ho i eit brev til norske myndigheiter.

Sidan har visepresident i EU-kommisjonen, Maroš Šefčovič gitt klar melding om at han føreset at Noreg innfører fleire energidirektiv innan neste møte i EØS-rådet (21. mai).

NB! Da Noreg innlemma tredje energipakke i 2018, var det ti år etter at han blei vedtatt og tredde i kraft i EU.

Om energimarknadspakken er så vond og vanskeleg for regjeringa – kvifor ikkje berre utsette henne?

Fleire omsyn taler for at deler av regjeringa har fått hastverk. Det eine er presset frå EU-kommisjonen og at lovendringane alt har tredd i kraft hos dei nordiske nabolanda våre.

På toppen kjem geopolitiske spenningar og trusselen om ein mogleg handelskrig med USA.

Om Donald Trump gjer alvor av høgare tollsatsar, blant anna på laks, ser Noreg seg tent med å pleie eit tett og tillitsfullt forhold til Brussel.

– Noreg er meir avhengige av eit godt forhold til EU enn på lenge, og Noreg må ikkje ta med alt i første omgang. Dersom tre delar av den fjerde energipakken blir innført, kan det i første omgang vere tilstrekkeleg for å vise at vi kjem EU i møte, seier Lars H. Gulbrandsen ved Fridtjof Nansens Institutt.

Publisert 22.01.2025, kl. 17.54

Read Entire Article