Bilane sklir og ferjer står i Sør-Noreg

3 hours ago 3



Det er som varsla glatt, og vanskelege køyreforhold langs heile vestlandet i dag.

Ein bilførar seier til politiet at ho køyrte i fjellveggen etter ho fekk sleng på bilen og kom over i motsett køyrefelt. Føraren blir tatt med til legevakt, opplyser politiet.

Fleire andre førarar har vore i liknande ulykker i dag.

Eit kart med farevarsel

Faren for is på vegane skal minke rundt klokka 13 laurdag.

Grafikk: Meteorologisk institutt

I Vestland prøver entreprenørane å salte vegane, men det regnar typisk nok vekk like etter, fortel trafikkoperatør Andreas Rasmussen.

– Det kan vere at asfalten ser fin og svart ut, men likevel er glatt. No må ein ta ned farten, tilrår Rasmussen.

Det har vore sendt ut farevarsel for is i både Rogaland, sørlege delar av Austlandet og Vestland. På Vestlandet gjeld varselet frå fredag kveld klokka 19, til laurdag klokka 13.

Bussar og ferjer står på Austlandet

Ferjeavgangar mellom Horten og Moss blir innstilte på grunn av is på fjorden.

– Vi har aldri sett så mykje is i fjorden på 14–15 år. Vi jobbar på spreng med både tekniske løysingar og alternative ferjer for å få alle rutene i gang att, seier driftssjef Simen Storskogen.

ferjer med is i vannet

Laurdag går to av tre planlagde ferjeruter som normalt.

Foto: NRK

I Oslo har snøvêret treft kollektivtrafikken hardast.

Kraftig snøfall har ført til innstilte bussar gjennom natta, og laurdag morgon er fleire haldeplassar ubetente, opplyser Ruter.

snøvær lørdag, kamera ved Frogner,r retning sentrum

På innfartsvegane til Oslo ser trafikken ut til å flyte greitt.

Foto: Ellinor Hopen / Vegvesenet.no

Vegtrafikksentralen har førebels ikkje fått meldingar om store problem på vegane.

– Det blir salta og brøytt, seier Barbro Evensen Venhagen i Vegtrafikksentralen til NRK. Ho ber likevel folk vere merksame på store temperaturendringar, halde avstand og tilpasse farten.

Blir betre i ettermiddag, men så..

Det blir mindre skyer og ganske greitt vêr, så kan det bli minusgrader i natt. Då kan det fryse på, seier statsmeteorolog Magni Sandvik.

– Det blir ein periode med finare vêr i ettermiddag. Det blir mindre skyer og ganske greitt ver, så kan det bli minusgrader i natt. Da kan det fryse på, seier ho.

– Ser vi teikn til at våren bryt gjennom snart?

– Det er nok lenge til. Òg i neste veke ser me temperaturar frå null til fem grader med frost på nattetid. Det er kanskje ikkje slik på kysten, men ein skal ikkje langt inn i landet før det skjer. Det er nok vinter ei god stund til.

Publisert 21.02.2026, kl. 10.55 Oppdatert 21.02.2026, kl. 11.18

Read Entire Article