Klokka 07:30 onsdag morgon fekk politiet informasjon om at det stod eit køyretøy ved Ramsvik tunnel i Moskenes med skadar i fronten, opplyser politiet klokka 10:22.
Det var ingen personar i eller ved bilen.
Politiet rykka ut og var på staden like før halv ti, og bilbergar kom like etterpå.
Patruljen kan ikkje finne andre skadar inne i tunnelen enn på ein duk på veggen. Dei har vore i kontakt med bileigar og pratar med vedkomande om årsaka bak hendinga.





.jpg)






English (US)