«Betre å sjå måling tørke»

2 hours ago 1



Hadde eg betalt pengar for å lesa denne boka, hadde seg sendt klage til Forbrukarrådet etterpå om villeiande marknadsføring. «Øynene som ser» er ikkje ein roman.

Peter Fjågesund er professor i britisk litteratur og kulturkunnskap. Foto: Universitetet i Sørøst-Norge

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

 1 out of 6

Peter Fjågesund: Øynene som ser. «Roman». 277 sider. Solum Bokvennen.

Då bokansvarleg i Aftenbladet spurte om eg ville lese «Øynene som ser» av Peter Fjågesund, var min første reaksjon: Dette er ei bok som viser at jobben som bokmeldar får meg til å lesa meir variert. Ifølgje informasjonen frå forlaget er boka «norsk sci-fi i grenseland mellom dystopi og essay». Sjølv om science fiction på ingen måte er min favorittsjanger, og det er mange år sidan eg las ei sci-fi-bok, er eg hundre prosent sikker på at denne romanen ikkje passar i sjangeren. Ein kvar science fiction-fan ville vore djupt skuffa.

Plottet i boka, om eg skal vera snill og kalle det eit plott, er at redaktøren av boka, Fjågesund, får tilsendt ein rapport skriven av NN, ein innbyggjar på planeten Gliese 12b. NN har besøkt jorda og skal nå rapportera tilbake om kva hen har observert. Heile første del av boka består av denne rapporten.

Først tenkte eg at det var litt interessant å sjå oss sjølv utanfrå. Men etter kvart som eg fortsette å lesa «rapporten», oppdaga eg at han handla om ein ting: kor moralsk forkasteleg landbruket er. Det er rett og slett 180 sider som handlar om moderne husdyrhald, og det er på ingen måte skrive i romanform.

Fjågesund prøver forsøksvis å minna oss om at dette er frå ein annan planet gjennom å forklara ord som «tog» og «lastebil», men til og med dette glipp når han på side 100 refererer til NRK og Dagsrevyen utan forklaring. Enten har Gliese 12b sine innbyggjarar veldig god kjennskap til Nina Owing, eller så er det rett og slett ei veldig lite gjennomført bok.

At denne rapporten frå Gliese 12b er ei unnskyldning for å fremma eigne tankar om landbruk, blir endå meir tydeleg når ein kjem til det Fjågesund har valt å kalla «redaktørens etterord». Det er både verdas lengste etterord, og bodskapen er den same som på dei 180 føregåande sidene.

Viss eg kan tillata meg å vera moralsk indignert – noko som er litt på sida av sjangeren bokmelding, men det bør vera greitt i denne samanhengen – synest eg det er mildt sagt utfordrande å lesa side opp og side ned med direkte samanlikningar av husdyrhald og Holocaust. Eg har besøkt både konsentrasjonsleirar og gardar opp igjennom, og eg har aldri tenkt at dette på nokon måte kunne samanliknast.

Debatten har gått i fleire medium i det siste om innkjøpsordninga for litteratur. Både Ingunn Økland i Aftenposten og Lars Petter Sveen i Vårt Land har påpeikt at skjønnlitteratur automatisk blir kjøpt inn av Kulturrådet. For sakprosa er nålauget mindre. Både Sveen og Økland har stilt spørsmålet ved om denne skeivfordelinga gjer at det blir attraktivt å kategorisera fleire bøker som romanar, sjølv når det er sterke element av sakprosa til stades.

Aldri har vel spørsmålet vore meir relevant enn for Fjågesund si bok. Mens forfattarar som Vigdis Hjort, Kjersti Annesdatter Skolmen og Simon Stranger forsøksvis lager ei skjønnlitterær ramme rundt tekstane sine, er det knapt mogleg å sjå at Fjågesund forsøker. Om det er innkjøpsordninga som gjer at dei har valt å kalla dette ein roman, eller om ein del av synspunkta ikkje hadde stått seg i ei sakprosabok, veit eg ikkje, men ein ting er sikkert: «Øynene som ser» er ikkje ein roman!

På toppen av alt er boka dørgande kjedeleg og usamanhengande. Dei same poenga blir gjentatt gong etter gong, og eg skal innrømma at å lesa denne boka hamna under «setja på vaskemaskinen», «setja på oppvaskmaskinen» og «sjå måling tørka» på prioriteringslista mi. Det er sjeldan eg les så dårlege bøker utgitt på seriøse forlag, men denne «romanen» er unntaket.

Publisert:

Publisert: 9. mars 2026 19:52

Read Entire Article