Bestilte VM-bord til 2000 kroner – arrangør kansellerte billetten og kravde 6000 kroner

2 hours ago 1



Søndag kveld er det duka for VM-kamp mellom Noreg og Brasil, og etterspurnaden etter billettar er stor over heile landet.

På Festplassen i Bergen skal kampen visast i «teltet». Billettane skulle eigentleg bli lagt ut onsdag klokka 14.00, men allereie klokka 09.00 blei dei sleppt på Ticketmaster.

– Det har skjedd ein stor feil, seier arenasjef i Fotballfestivalen, Erling Aksnes, til Bergens Tidende, som først omtalte saka.

Borda blei lagt ut for 2000 kroner, og på kort tid hadde 109 av 193 bord blitt kjøpt opp. Den riktige prisen skulle vere 6000 kroner, seier Aksnes.

– Vi er kjempeirriterte

Det skaper reaksjonar blant kundane.

– Det er openbert at når noko er kjøpt og betalt, er det ein avtale dei er nøydd til å stå for, slår Janicke Hansen fast.

I føremiddag fekk ho ei fortvila tekstmelding frå dottera, som hadde bestilt bord til den store kampen. Kjøpet hadde blitt kansellert fordi det var ein feil.

– Dette kan ikkje arrangøren gjere, og her bør dei legge seg langflate. Det er mange som sit og er kjempeirriterte, som hadde gleda seg til kamp, seier Hansen til NRK.

– Burde du forstått at billettane var for lågt prisa?

– Korleis skal eg som forbrukar skjøne at dette er for lågt prisa? Eg har jo ikkje vore i desse telta før, og aner ikkje kva dei vanlegvis prisar det til, svarer Hansen engasjert.

Kvinne med briller på hodet foran en eldre bygning med hvite og røde detaljer.

– Vi gler oss veldig til kampen, men det blir ein bitter ettersmak når eg tenker på konflikten eg sto i med billettane, seier Janicke Hansen.

Foto: Privat

Sjølv har ho vore i kontakt med Ticketmaster og arrangøren, utan å få noko svar. Ho meiner at ansvaret ikkje burde ligge på henne.

– Dette burde vere ei sak mellom Ticketmaster og arrangøren, ikkje Ticketmaster og kunden, slår ho fast.

Ho er ikkje den einaste som har opplevd at billettane har blitt trekt tilbake.

Ein venegjeng i Oslo hadde kjøpt billettar til 16.-delskampen mellom Noreg og Elfenbeinskysten, men fekk beskjed av Ticketmaster at billetten var refundert og deretter lagt ut til dobbel pris, skriv Avisa Oslo.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Ticketmaster i denne saka.

Forbrukarjurist: – Avtalen er bindande

– Arrangøren har ikkje moglegheit til å kansellere desse billettane, rett og slett fordi avtaler i all hovudsak er bindande. Selskapet har fullt ansvar for at prisane er korrekte og oppdaterte.

Det seier forbrukarjurist i Forbrukarrådet, Nora Wennberg Gløersen, til NRK.

Unntaket er dersom salsprisen er så låg at han openbert er feil, slik at kjøparen måtte ha forstått at tilbodet var for godt til å vere sant. Generelt kan ein seie at der salsprisen er ned mot 10 prosent av marknadsprisen, kan seljaren normalt gå frå avtalen.

Gløresen understrekar likevel at dette i praksis berre er ein liten sikkerheitsventil for seljaren.

Nora Wennberg Gløersen fra Forbrukerrådet

– Det er ikkje opplagt at fotballinteresserte forbrukarar at VM-billettar til 2000 kroner er feilprisa. Her bør forbrukarane få behalde billettane til avtalt pris, seier forbrukarjurist i Forbrukarrådet, Nora Wennberg Gløersen.

Foto: Forbrukerrådet

– I praksis er terskelen veldig høg. I dette tilfellet, viss billettane var lagt ut for 600 kroner i staden for 6000, så kunne ein seie at alarmbjøllene burde byrja å ringe, seier ho.

Ho legg til:

– Men her er det jo eit godt stykke over 10 prosent av marknadsprisen, og det taler for at prisen ikkje openbert var feil.

Vil ikkje gi forbrukarane refusjon

Arenasjef for Fotballfestivalen, Erling Aksnes, meiner at det burde ha vore openbert for kjøparane at prisen var for låg i forhold til marknadspris.

– Prisen for eit bord for 8 personar til 16.-delsfinalen kosta 3000 kroner. Då er det openbert at det har skjedd ein feil når prisen for eit bord for 8 personar til 8.-delsfinalen kosta 2000 kroner, seier han til NRK.

Vidare oppfordrar han forbrukarane til å ta kontakt med Ticketmaster.

Erling på festplassen

Erling Aksnes er arenasjef for Fotballfestivalen. Han meiner at forbrukarane burde forstått at billettprisane var for låge.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Krev refusjon frå arrangøren

Janicke Hansen fortel at dei no har kjøpt ny billett til 6000 kroner.

Men kampen er ikkje over.

– Vi kjem til å følge saka, og forventar ein refusjon på 4000 kroner når dei har fått behandla saka, seier ho.

Ho gler seg likevel til den store kampen.

– Eg har kjempetrua på Noreg. Vi har jo aldri tapt mot Brasil, så vi får fortsette den streaken, ler ho.

Hei!

Har du hatt liknande opplevingar?

Send meg gjerne ein e-post! 

Publisert 01.07.2026, kl. 21.47 Oppdatert 01.07.2026, kl. 22.08

Read Entire Article