Tysdag blir det avgjort om det blir byggestart for prestisjeprosjektet The Whale måndag 5. mai.
Det blir det dersom dei private eigarane gir bankane garanti for eit lån på 93 millionar kroner, skriv Vesterålen Online.
I 2024 blei det bevilga 20 millionar kroner til museum- og opplevingssenteret The Whale av regjeringa. I 2025 foreslo dei å bevilge 30 millionar.
Entreprenørfirmaet Hent får oppdraget med å realisere ideen til arkitekt Dorte Mandrup. Det ligg store forventingar til attraksjonen som Andenes blir vertskap for.
Prosjektet har fått offentleg støtte frå staten, fylkeskommunen og etter kvart Andøy kommune. No får dei låne pengar hos Sparebank1 Nord-Noreg og Innovasjon Noreg, dersom private investorar garanterer for lånet.