Ber om at fleire som Kari får ein sjanse

2 hours ago 2



I fleire år var Kari Tyvoll utanfor arbeidslivet og sleit tungt.

– Dagane var lange og tunge. Alt var eit ork.

Men takka vere arbeidstrening frå Nav og ein arbeidsgjevar som gav ho ein sjanse, fekk 50-åringen fast jobb ved Rema 1000-butikken på Øyrane i Førde.

– Det vart redninga for meg. Eg gler meg til å gå på jobb og eg har fått nye vener, seier ho med eit smil.

Kari Tyvoll på Rema 1000-butikken på Øyrane i Førde

Jobben på matbutikken i Førde betyr veldig mykje for Kari Tyvoll.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Må tørre meir

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) oppmodar arbeidsgjevarar til å tørre meir.

Arbeidsgjevarar må i større grad ta sjansen på å tilsetje søkjarar som har vore utanfor arbeidslivet eller har utradisjonell bakgrunn. Dette gjeld både privat og offentleg sektor. Ein risikerer å gå glipp av svært dyktige tilsette, seier ho.

Stenseng viser til at regjeringa har styrka arbeidsmarknadstiltaka og marknadsarbeidet i Nav.

Nav bidreg både med kompetanseheving og å skaffe arbeidserfaring for dei som manglar det, seier ministeren.

Kjersti Stenseng

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) oppmodar arbeidsgjevarar til å tørre meir og tilsette folk som har vore utanfor arbeidslivet.

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Arbeidsløyse er farleg

Alle er ikkje like heldige som Kari Tyvoll. På landsplan er det om lag 140.000 arbeidsledige. Dette på same tid som det er om lag 90.000 ledige stillingar i Noreg, ifølgje tal frå SSB..

Kvifor er det slik at så mange er arbeidsledige samtidig som det finst mange ledige jobbar?

Ifølgje arbeidsrådgjevar i Vestland fylkeskommune, Pål Sande Magnussen, må arbeidsgjevarane ta ein stor del av ansvaret.

– Årsaka er at mange arbeidsgjevarar er skeptiske til å la folk med hol i CV-en sleppe til, seier han.

Nav-skilt på en grå betongbygning

Mange får ikkje ein sjanse til å vise seg fram i arbeidslivet og hamnar i staden fast på Nav.

Foto: Oda Andrea Opheimsbakken / NRK

Magnussen jobbar med å få ungdomar mellom 15 og 29 år ut i jobb. Han fortel at dei fleste av ungdomane har lyst til å arbeide og at dei kjem til å gjere ein god jobb.

– Dersom bedrifter senkar garden litt vil dei sjølve oppleve at mange er kjempeflinke, seier han.

Magnussen påpeikar at det er svært uheldig å stå utanfor både skule og jobb.

– Det kan føre til psykisk uhelse, rus og i verste fall død. Det er ikkje bra, seier han.

Kari Tyvoll og Andreas Hjelle ved Rema 1000-butikken i Førde

Kari Tyvoll takkar sjefen sin Andreas Hjelle for at ho kom seg tilbake i arbeidslivet.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Vil gje folk ein sjanse

Sjefen ved Rema 1000-butikken i Førde, Andreas Hjelle, meiner det er viktig å gje folk ein sjanse. Han har tilsett fleire med hol i CV-en og har gode erfaringar med det.

– Det viser seg at veldig mange av dei som har slite med å kome seg i arbeid veldig ofte har høg motivasjon for å gjere ein god jobb. Dei strålar når dei blir gitt tillit og får sjansen, seier han.

– Kari Tyvoll er eit strålande døme på dette, legg han til.

Butikksjef Andreas Hjelle ved Rema 1000-butikken på Øyrane i Førde

Andreas Hjelle har tilsett fleire med hol i CV-en på Rema 1000-butikken i Førde. Han meiner alle fortener ein sjanse.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Tar inn folk med hol i CV-en

Regiondirektør i NHO, Helene Frihammer, peikar på at NHO jobbar for at folk med nettopp hol i CV-en skal få prøve seg i arbeidslivet.

– Å tilsetje folk med hol i CV-en er eitt av fleire viktige inkluderingsgrep, som NHO har vore ein pådrivar for gjennom prosjektet «Ringer i Vannet», seier ho.

Frihammer meiner det er svært uheldig at mange som ønskjer å jobbe blir ståande utanfor arbeidslivet.

– Heile seks av ti bedrifter slit med å få tak i nok tilsette med rett kompetanse. Dette er bakgrunnen for satsinga «Arbeidskraftløftet», der vi saman med Nav jobbar med ti ulike tiltak som skal auke tilgangen på arbeidskraft og få fleire i jobb, seier ho.

Helene Frihammer

Regiondirektør i NHO, Helene Frihammer, peikar på at NHO jobbar for at folk med hol i CV-en skal få prøve seg i arbeidslivet.

Foto: NRK

Rosar sjefen

Tilbake i Rema 1000-butikken i Førde peikar Kari Tyvoll på kor heldig ho er som fekk jobb.

– Det hjelp ikkje berre med prat frå politikarar eller andre. Alle fortener ein reell sjanse til å kome seg i jobb. Eg trur mange arbeidsgjevarar har mykje å lære av sjefen min, seier ho.

Butikksjef Andreas Hjelle og Kari Tyvoll på Rema 1000-butikken i Førde.

Kari Tyvoll og sjefen Andreas Hjelle på jobb saman på Rema 1000-butikken i Førde.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Publisert 28.01.2026, kl. 16.26

Read Entire Article