Ber om 30 millionar i likviditetslån

2 hours ago 1



Øksnes kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon. No ber dei om å få ta opp eit likviditetslån på inntil 30 millionar kroner. Det går fram av sakspapira som skal opp i formannskapet denne veka, skriv Vesterålen Online.

Økonomisjef Monica Vottestad Meløy peikar på at kommunen har hatt negativt netto driftsresultat dei to siste åra, med minus 26,7 millionar i 2024 og minus 17,9 millionar i 2023.

Ho åtvarar om at kommunen kan få problem med å dekke løpande driftsutgifter innan kort tid.

Kommunedirektøren ber difor om kommunestyret si godkjenning til å ta opp driftskreditt.

Read Entire Article