Beist på 300 kilo brasa rett inn i oppdrettsanlegg

1 month ago 26



Eit oppdrettsanlegg ved Gnarnesvika utanfor Florø måtte trykke på den store raude knappen da ein ubeden gjest på 2,79 meter trengde seg inn i laksemerden.

Den nesten tre meter lange innbrotstjuven blei oppdaga etter kort tid, og blei taua inn på det femte kastet med eit nett.

Det var før han rakk å gjere større skade.

– Eg blei ganske stressa, seier Elin Tveit Sveen, som er dagleg leiar i Marø Havbruk på Svanøy i Kinn kommune.

Det ho var mest redd for var at laks skulle rømme ut gjennom holet i merden.

– Kan gå rett gjennom notveggen

Heldigvis svømmer laksen helst i overflata og ikkje på 17 meters djup, der holet var.

I tråd med prosedyrane blei garn likevel sett ut. Desse viste ingen «gjenfangst» av laks – berre andre fiskesortar.

Sveen har ein teori om korleis makrellstørja kom seg inn.

– Med snute som ein pilspiss og ein fart på 70 km/t kan eg skjønne at han kan gå rett gjennom notveggen.

Fiskeridirektoratet blei kontakta med éin gong. Dei gav fellingsløyve til å drepe makrellstørja.

Elin Tveit Sveen

– Vi trykte vi på den store raude knappen, seier Elin Tveit Sveen.

Foto: NRK

Markant auke i kor ofte makrellstørjer tek seg inn

Ei oversikt laga av Fiskeridirektoratet frå desember 2023 viser at det har vore ei markant auke i kor ofte makrellstørjer tek seg inn i oppdrettsanlegg.

På ti år har det auka frå null til åtte.

Sveen seier hendinga demonstrer kor viktig det er å ha kompetente fagfolk som kan plukke opp endringar i åtferda til laksen.

Innbrotet vart oppdaga fordi laksen viste teikn på å vere stressa.

Ho presiserer at ho er glad for at bestanden av makrellstørje aukar, men at dette også kan vere utfordrande for lakseoppdrettsnæringa.

Sikkert er det at festmaten er sikra.

– No blir det 110 porsjonar med makrellstørje på julebordet!

Beist på 300 kilo braste rett inn i oppdrettsanlegg

Foto: Marø Havbruk

Makrellstørje tok seg inn i ei not eigd av Marø Havbruk på Svanøy i Kinn kommune

Øyvind Mjønerud (til høgre) er storviltjeger og fekk fellingsløyve etter at den nesten 3 meter lange makrellstørja tok seg inn i eit not med laks.

Publisert 14.08.2024, kl. 19.31

Read Entire Article