– Begge tvinga meg. Eg vart redd

1 day ago 5



Mindreårige tiltalt for gruppevaldtekt

Den unge jenta fortel at ho blei kalla «hore» og «sexdukke». To gutar på 15 og 16 år nektar for å ha valdteke henne.

 Jenny Eidesvik / TV 2
ALVORLEG SAK: To mindreårige møter i retten tiltalt for gruppevaldtekt av ei jente under 14 år i vinter. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Publisert 18.09.2024 13:27 Sist oppdatert nå

– Det var mørkt. Eg ville gå vekk derifrå. Då sa han «prøver du å gå no, so kjem eg til å slå deg».

Jenta på under 14 år sit i avhøyrsrommet på Barnehuset i Bergen og fortel politiavhøyraren hennar versjon av det som skjedde bak eit kjøpesenter i januar i år.

To mindreårige gutar på 15 og 16 år er tiltalte for grov valdtekt av henne.

– Eg sa «nei»

– Det er funne bilete og video av den seksuelle aktiviteten på dei tiltalte sine telefonar. Eg ber retten vurdere å sende tilhøyrarar på gangen når det skal spelast av, sa statsadvokat Magne Kvamme Sylta.

Då videoen blei spelt av, var det for delvis lukka dører. Pressen fekk ikkje sjå beviset.

– Eg har ikkje sett filmen sjølv. Men eg har fått meldingar frå andre som har sagt at dei har sett den. Den viser at eg seier «nei» når dei spør om eg likar det, seier jenta sjølv i det tilrettelagde avhøyret som blir spelt av i retten.

 Jon Bolstad / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta i Hordaland tingrett i Bergen. Foto: Jon Bolstad / TV 2

– Var ikkje tvang

Begge dei tiltalte nekta straffskuld då rettssaka mot dei starta i Hordaland tingrett onsdag. 

Dei nektar ikkje for at den seksuelle handlinga skjedde, men dei nektar for at dei tvang jenta til å bli med på det.

– Dei tiltalte vil forklare at jenta fullt ut var med på dette, sa 15-åringens forsvarar, Marius Wesenberg, i si innleiing.

Han la til:

– Det er ikkje ulovleg å mase seg til sex. Det har skjedd sidan tidenes morgon. Ein gut spør ei jente åtte gangar om sex, får nei. Spør niande gang, får eitt «kanskje». Den tiande gongen seier jenta «ja». Det er ikkje valdtekt i juridisk forstand, eksemplifiserte Wesenberg.

– Dette er ei alvorleg og vanskeleg sak for ho. Særleg det at overgrepet vart filma, er ekstra belastande for ho, seier bistandsadvokat Kjetil Ottesen til TV 2.

 Jon Bolstad / TV 2
- IKKJE TVANG: Forsvarane Marius Wesenberg og Rune Tjomsland i Hordaland tingrett. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Skal ha blitt dytta i bakken

Begge dei tiltalte hadde med seg foreldre i retten. 

Ei av mødrene la ansiktet sitt i henda sine og var tydeleg prega då det tilrettelagde avhøyret av jenta vart spelt av for retten.

Valdtekta skal ha skjedd i ein kommune i Nordhordland i Vestland fylke. Dei involverte møtte kvarandre først på ein ungdomsklubb. 

Der skal dei tiltalte ha gjort dei første framstøta, ifølge jenta.

Så stengde ungdomsklubben tidleg. Mange stod difor utanfor eit kjøpesenter i nærleiken. Jenta fortalde at ho venta på å bli henta. 

Så skal ho blitt dytta med til baksida av kjøpesenteret fordi dei tiltalte ville snakke med ho. Der var fleire konteinarar og «mørkt og vanskeleg å sjå», fortalde ho.

Utifrå forklaringa hennar skal den eldste tiltalte ha vore den mest pågåande av dei.

– «Eg vil gå herifrå», sa eg. Men då tok han armen min, dytta meg i bakken og pressa meg ned slik at eg stod på kne.

Truga

Så fortalde ho meir detaljert om det orale overgrepet ho opplevde. Ho kjente hender som «bestemt» tok tak i henne.

– Eg vart redd. Begge tvinga meg. Eg prøvde å presse i mot, men så tenkte eg at det var betre å berre bli ferdig slik at eg kunne kome meg vekk raskare.

Ho la også merke til at det blei filma på grunn av blitsen og lyset frå mobiltelefonen til ein av gutane.

Dei tiltalte nektar straffskuld for filminga. Dei nektar også for å ha truga henne i etterkant av det som skjedde.

– Dei sa dei skulle drepe meg om eg gjekk til politiet, sa derimot jenta i avhøyret.

Ho fortalde også om korleis ho skal ha blitt kalla «fake», «hore» og «sexdukke» av dei tiltalte, både før og etter det som skal ha skjedd. 

Ho hevda også å ha ein video av at den 16 år gamle tiltale trugar med å slå ho ned. Ho skal ikkje ha kjent dei veldig godt frå før, men dei hadde hatt kontakt over Snapchat før.

Etter lunsj skal dei tiltalte forklare seg. TV 2 oppdatere denne saka.

Read Entire Article