DEBATT: Helsesjukepleiar og sexolog Stangeland ønsker ei fagleg tilnærming i debatten om kjønnsidentitet og viser til utviklingspsykologien. Eg har bakgrunn i utviklingspsykologi og vil kome med eit bidrag i debatten.
Marit Bruset
Psykologspesialist
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Dette er basert på mi kliniske behandlingserfaring frå barne- og ungdomsfeltet, relatert til identitetsproblematikk som eige fag- og interessefelt.
Eg har engasjert meg i kjønnsdebatten med særleg fokus på behandlingstilnærminga overfor barn og unge med kjønnsinkongruens, og har også åtvara om konsekvensar av at det overordna omgrepet identitet har blitt fragmentert og politisert.
Ein kompleks prosess
Ut frå ei utviklingspsykologisk forståing er danning av identitet resultat av ein kompleks prosess som involverer multiple faktorar som interagerer og står i ein gjensidig påverknad og vekselspel med kvarandre. Biologi, genar, gonadhormonar, kognisjon – og språkutvikling, sosio-emosjonell utvikling, sosialiseringshistorie, og dessutan kulturell kontekst spelar ei viktig rolle i prosessen.
Seksuell orientering og forståing av eigen identitet relatert til kjønn er ein integrert del av denne prosessen. Omgrepet kjønnsidentitet vart lansert av R. Stoller som knytte utvikling av kjønnsidentitet til sex (biologisk kjønn). Sexologen J. Money endra forståing av kjønnsidentitetsutvikling til å vere sosialt konstruert. For å bevise sin teori utførte han et eksperiment på den eine av et tvillingpar.
Eksperimentet viste at tvillingen aldri fann seg til rette i sitt tildelte kjønn og dette enda tragisk med sjølvmord. Likevel vart Moneys påstand om kjønnsidentitetsutvikling frigjort frå biologisk kjønn, ståande, og seinare vidareført gjennom den postmoderne filosofien Queerteori. Sentralt i denne teorien er påstanden at dei to kategoriane biologisk kjønn (sex) og gender (sosialt kjønn) er begge sosialt konstruerte, og at gender er den viktigaste av desse.
Ei utvikling over tid
I denne teorien er ikkje kjønn og seksualitet (er) stabile identitetar, men er forma av dominerande maktstrukturar. I dag blir kjønnsidentitetsomgrepet i fleire fagmiljø (som sexologi) brukt om ei indre oppleving av «den du eigentleg er» og basert på individets sjøldefinering. Resultatet er eit uverifiserbart, sirkulært og innhaldslaust omgrep. I motsetnad til denne forståinga av kjønnsidentitet, står utviklingspsykologien sin samansette og dynamiske forståing. Ifølge etablert og anerkjent utviklingspsykologi følger utviklinga av kjønnsidentitet same stadium som i kognitiv utvikling; dvs. utvikling av objekt- og personkonstants (J. Piaget).
Gjennom sansing og motorisk aktivitet hjå spedbarnet vert det etablert «skjema», organiserte former for åtferd, som gradvis blir vidareutvikla og dannar grunnlag for permanente representasjonar av objekt og personar. Det betyr at objekt og personar varer ved å eksistere sjølv om dei er ute av syne. Ifølge utviklingspsykologar (Piaget, Kohlberg og Maccoby) skjer utvikling av kjønnskonstants (gender constancy) i 3 stadium; frå fødsel til om lag 7 år.
I siste stadiet vil kjønnskonstants vere etablert og barnet oppfattar biologisk kjønn som ein fast karakteristikk som ikkje blir endra av overflatiske endringar via utsjånad eller aktivitet/rolleåtferd. Dette inneber at barn ikkje kan vere fødd med ei oppfatting av kjønn eller at ei fast kjønnsoppfatting er etablert i tidleg barnealder.
Kritiske spørsmål bør stillast
Ei viktig del av utviklingsprosessen av kjønnsidentitet, er å oppleve betyding og tilfredsheit med eige biologiske kjønn. Kognitiv modning og etablering av kjønnskonstants bidreg til at barnet orienterer seg mot sitt eige kjønn (gender typing), blir selektivt i forhold til kjønn og identifiserer seg med eige kjønn gjennom aktivitetar og klesstil/utsjånad.
Barn med kjønnsdysfori er seinare i utvikling av kjønnskonstants og med å utvise kjønnstypisk åtferd samanlikna med barn som korrekt kan bedømme sitt eige biologiske kjønn (K. Zucker et al., 1999). Utviklingspsykologisk kunnskap om kjønnsidentitetsutvikling, tilseier at det bør stillast kritiske spørsmål til det som blir formidla om kjønn- og kjønnsidentitet gjennom lærebøker/undervising i barnehagar og i skolen.
Særleg vil dei mest sårbare barna med forseinka utvikling og/eller psykososial bagasje, vere i risiko for auka usikkerheit, forvirring og otte knytte til sitt biologiske kjønn. Det aukar faren for å søke løysing på utfordringane gjennom irreversibel medisinsk behandling med hormon og kirurgi. Dette er behandling som i dag manglar evidens for betring av fysiske og psykiske helse på lengre sikt.
Publisert:
Publisert: 4. mai 2025 12:49