Den 29. mai i 2024 vart ein tilsett ved ein barneskule i Ålesund arrestert av politiet. Han var mistenkt for fysisk overgrep mot eitt barn.
Etter kvart vart siktinga endra til å gjelde åtte andre barn, som var fornærma i saka. No viser det seg at 11 personar har fått status som fornærma.
– Alle dei fornærma barna er eller har vore elevar ved skule han har jobba på, seier statsadvokat, Maria Vike Nørve.
Han er tiltalt for § 299 – bokstav c, som gjeld valdtekt av barn under 14 år. Bostad c, gjeld «foretar kvalifisert seksuell handling med barn under 14 år».
I tillegg er han tiltalt for å ha produsert bilde som seksualiserer ytterlegare 11 barn. Det gjeld straffeloven § 311.
All seksuell omgang og mange seksuelle handlingar med barn under 14 år blir etter Straffelova automatisk rekna som valdtekt.
Det er foreløpig ikkje klart når rettssaka mot mannen skal vere.
Manipulert bilde av barna
Han skal mellom anna ha manipulert bilde av barna som har gått på skulen han har jobba på.
I tillegg er han tiltalt for å ha lasta ned overgrepsmateriale frå nett.
Politiet har tidlegare sagt at dei har funne fleire seksualiserte bilde av barn, som den sikta mannen skal ha sletta. Etter kvart gjorde dei også nye funn som styrka mistanken mot han.
Erling Flisnes er forsvarer for mannen. Han ønsker ikkje å uttale seg om saka på noverande tidspunkt.
Publisert 05.06.2025, kl. 11.36 Oppdatert 05.06.2025, kl. 11.43