Barneskuleelev omkom i båtulykke i Lofoten: – Folk har vore i sjokk

1 hour ago 1



Skjærtorsdag vart Lofoten råka av ei tragisk ulykke.

To personar døydde etter ei båtulykke i Nappstraumen.

Ein av dei omkomne var elev ved den lokale barne- og ungdomsskulen. Begge var innbyggjarar i Flakstad kommune.

Omfattande redningsaksjon

2. april like før klokka 20 fekk politiet melding om ei båtkantring med tre personar om bord i ein sjark.

Redningshelikopter og redningsskøyte vart sendt til staden, og ein nærliggjande båt sette kurs mot området.

Ein person vart frakta til sjukehuset på Gravdal i Lofoten, medan dei to andre vart sende med redningshelikopter til UNN i Tromsø.

Begge som vart sende til Tromsø, omkom.

Ordførar: – Folk har vore i sjokk

– Sånne hendingar set spor. Folk har vore i sjokk, seier ordførar Einar Benjaminsen og legg til:

– Flakstad er ein liten kommune. Dei fleste kjenner dei som er råka og prøver å vise omsorg og støtte. Det er ei forferdeleg hending.

Kommunen og skulen har planlagt tiltak for å følgje opp dei ramma.

  • En mann med blå genser og lyseblå skjorte. Han står ute ved en parkeringsplass med fjell i bakgrunnen.

    Einar Benjaminsen

    • Ordførar i Flakstad kommune

Det er ein relasjon mellom dei tre involverte.

Det bekreftar politiadvokat Eirik Magnus Blomli ved Nordland politidistrikt til NRK.

– Utover det ønskjer vi ikkje å gå ut med så mykje på noverande tidspunkt.

Fiskeværet Napp i Flakstad kommune i Lofoten

LITE SAMFUNN: Dei involverte i ulykka kom frå fiskeværet Napp, men ei sånn hending påverkar heile kommunen og meir til.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Krevjande forhold

Ulykka skjedde i Nappstraumen, der det er stor skilnad på flo og fjære.

For kun eit halvt år sidan omkom svenske Ebba Torstenson (11) der etter at ein turistbåt med sju personar kantra.

Adrian Willyson Brask (36) mista også livet då han forsøkte å redde ho.

– Ut frå dei opplysningane politiet har, kan det vere krevjande forhold der til tider. Om det har vore ei medverkande årsaka til denne ulykka, skal vi undersøkje vidare. Politiet har fått opplysningar om at det kan ha vore ein brottsjø, seier politiadvokat Blomli.

Utsikt mot Nappstraumen i Lofoten

NAPPSTRAUMEN: Enorme mengder vatn vert pressa mellom fjella, og ekstra sterke krefter er i sving når havet stig eller søkk.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Politiet har ei viss aning om årsak

Politiet er i gang med etterforskinga, men førebels er det for tidleg å seie noko sikkert om årsaka til ulykka.

Sjarken på 40 fot er lokalisert, men enda ikkje heva opp av vatnet.

– Politiet vurderer om det er mogleg å ta seg ned til den for å gjere tekniske undersøkingar eller ei eventuell heving, men det er det førebels for tidleg å seie noko om, seier politiadvokat Blomli.

Politiet har danna seg eit bilete av kva som har skjedd.

– Ut ifrå dei opplysningane vi har, har det vore noko vêr, men det er noko etterforskinga kan kaste lys over.

en mann i uniform

Politiadvokat Eirik Blomli ved Nordland politidistrikt.

Foto: NRK

Publisert 07.04.2026, kl. 17.52

Read Entire Article