KOMMENTAR: Rekk opp handa, alle som synest det er lettare å jobba lange dagar når ein har store barn enn når ein har små.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Det er ikkje nok å vera omsorgsfulle foreldre. Små barn treng også at vi er tilgjengelege. Det krev eit emosjonelt nærvær. At vi er tilgjengelege for å ta imot ulike signal frå barnet, og særleg når det opplever stress. Det er slik dei lærer å forstå og tola eigne reaksjonar og følelsar. Og det er heilt grunnleggjande i eit menneskeliv.
Men det kan vera vanskeleg å dekka det behovet. I store barnehagegrupper, eller med heilt vanlege, gode foreldre som heile tida blir for slitne fordi kvardagen er for travel.
For i Norge har både mor og far gått ut i arbeidslivet, men ingen har kome heim. I staden har barna også blitt tatt ut, frå dei er eitt år gamle. 89,4 prosent av alle eitt- og toåringar i Norge går i barnehagen. Over 98 prosent av dei har heiltidsplass der. Altså rundt åtte timar til dagen. Skuletida har også blitt lenger. Vi har lagt til eitt år i skuletid, og så mange timar ekstra at det blir endå eit år. Då har vi ikkje ein gong tatt med SFO, som ein stad å vera til slutt, til mor og far er ferdige på jobb.
Blikket på barnet
Det er jo ikkje sikkert at alle barnehagar er bra nok for barna våre. Særleg ikkje for dei aller yngste, som mest av alt treng eitt trygt fang å søkja til når ting blir overveldande for den som er så ny i verda. Det er ikkje sikkert det er nok fang til alle. Det er ikkje sikkert skulane heller klarer dekka alle omsorgsbehova, om dei har fått aldri så mange fleire timar i norsk og matematikk for dei minste.
Men det er likevel ganske vanskeleg å halda blikket på barnet i dette. For det kan samtidig føra til nedsnakking av kvinnefrigjeringa, arbeidslinja, skulane og barnehagane og mor og far, og kanskje senda oss lukt tilbake til 1950-talet. Der mor er heime og far går på jobb, og mor skiftar kjole før far kjem heim og passar på at barna ikkje bråkar når han snart skal sova middag. Mor får ikkje velja kor ho vil bidra, og far får ikkje velja kor han vil bidra, og mor er avhengig av far, for ho tener ikkje sine eigne pengar.
Alt det der. Det er skjøre greier å vera barn i dei diskusjonane. Sjølv om det handlar om deira grunnleggjande behov, blir dei fort utdanka av arbeidslinje og likestilling.
Her kjem regjeringas fødselstalsutval oss til unnsetning. Namnet aleine kan jo få pulsen ned på kven som helst.
Praktiske forslag
Dei skulle jo heller ikkje retta blikket mest mot dei minste, men mot kva som kanskje kan hjelpa for å få unge vaksne til å setja fleire barn til verda.
For det blir berre født 1,4 barn per kvinne i Norge nå. Det er færre barn enn unge vaksne seier dei gjerne vil ha, og dei får også barna seinare enn dei seier dei eigentleg vil. Etter kvart blir det for få unge til å bera oppe dei gamle. Då ramlar vi saman.
Utvalet vil gjera det lettare å vera småbarnsforeldre. For eksempel ved at dei kan ha foreldrepermisjon i 70 veker med 70 prosent lønn. At barnet kan begynna i barnehagen når det er eitt år, mens mor og far kan skifta på å jobba 80 prosent til barnet er 2 1/2.
Dei vil sjå på om det går an å redusera arbeidsdagen for småbarnsforeldre, men gi dei full lønn. Ei slags innføring av sekstimarsdagen for dei, kunne ein kanskje kalla det. Ordningane skal samtidig beskytta mors og fars rettar i arbeidslivet.
Og dei opnar for å kutta eit års skulegang, og gi folk sjansen til å koma seg fortare heilt inn i arbeidslivet. For dei som blir ståande utan jobb, blir ofte også ståande utan barn. Sjølv om det ikkje er det dei ønsker.
Og så?
Det er meir. Det er herleg praktiske forslag.
Nei, det er jo ikkje sikkert alt dette faktisk fører til at unge får fleire barn. Det er ikkje sikkert det treff. Men forslaga om å gi småbarnsforeldre større slingringsmonn og meir pusterom i kvardagen, kan jo møta dei minste barnas grunnleggjande behov litt betre.
Det ville vera viktig nok i seg sjølv.
Publisert:
Publisert: 11. februar 2026 18:00

23 hours ago
7




English (US)