Den tidlegare presidenten kom til kongsgarden i ein lang kortesje med mykje sikkerheit.
På kongefamilien sin eigedom på Bygdøy skal den tidlegare presidenten ete lunsj saman med kong Harald, kronprinsesse Mette-Marit og statsminister Jonas Gahr Støre.
Obama kom køyrande i kortesje.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKFylte Spektrum
Barack Obama starta besøket i Noreg med å halde eit innlegg i Oslo Spektrum måndag kveld.
Frå scenen snakka USA sin tidlegare president om tematikkar som rettferd, ytringsfridom og utdanning.
Obama på veg til kongsgarden tysdag formiddag.
Foto: Lise Åserud / NTBObama var særleg positiv til Skandinavia og Noreg sine løysingar innan utdanning.
USA-ekspert Sofie Høgestøl leia samtalen med Obama i Spektrum.
Sofie Høgestøl leia samtalen med Obama.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBObama nytta også måndagen til å møte med sjefen i Oljefondet, Nicolai Tangen.
– Dei diskuterte verdsøkonomien, geopolitikk og den generelle situasjonen i USA, fortel kommunikasjonssjef i Oljefondet, Line Aaltvedt til VG.
Tidlegare besøk
Obama var også i byen i 2018 då han talte på ein konferanse.
Før det mottok den tidlegare presidenten Nobels fredspris i hovudstaden i 2009.
Michelle Obama og Barack Obama var i hovudstaden i 2009.
Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters / NTBPublisert 13.05.2025, kl. 11.34 Oppdatert 13.05.2025, kl. 11.56