Bagasjekaos i Europa: – Det verste eg har opplevd

1 month ago 21



Ei rask mellomlanding i München blei fort til eit mareritt for Bjørn David og kona.

 Privat
FERIETUR: Her nyt ekteparet Åse Karlberg Larsen og Bjørn David Larsen sola i Sorrento, fullstendig uvitande om kva dei har i vente. Foto: Privat

Publisert 27.07.2024 11:10

Bjørn David Larsen var på veg frå Napoli til Noreg via München. Det blei alt anna enn rett fram. 

Ei veke etter mellomlandinga har han og kona kome seg heim, men bagasjen ligg framleis att på terminalen. 

På Franz Josef Strauß lufthamn i München fekk ekteparet beskjed om at mannskapet ikkje hadde kapasitet til å henta ut bagasjen. Kofferten ligg der endå. 

Forseinkingar, uvêr og kansellerte fly

Ekteparet frå Moss hadde nytt eit par dagar i Sorrento i Italia, då dei skulle reisa heim. 

Forseinkingar på flyplassen i Napoli gjorde at dei ikkje rakk flyet til Oslo frå München.

Greitt nok, tenkte dei, og fekk dekka hotell og booka til ny flight på laurdag. 

På laurdag sjekka dei på nytt inn bagasjen, og stilte seg tolmodig opp og venta på å sleppa inn i flyet. Då kom det beskjed frå høgtalaranlegget på flyplassen at alle flygingar var innstilt, grunna dårleg vêr. 

No fekk dei ikkje utlevert bagasjen, og dei fekk beskjed om å booka hotell sjølv, der flyselskapet dekka 150 euro. Eit vanleg hotell i nærleiken av flyplassen kostar hakket meir. 

Lufthansa skulle sjølv booka ny tur, men slik blei det ikkje. Når me skriv søndag på kalenderen var det erfarne reiseparet blitt utolmodige, og bestilte ny tur heim, med eit anna selskap denne gongen. 

14.000 kronar fattigare skulle dei innom flyplassen for å henta ut kofferten, men møtte utfordringar her òg. 

Det var ingen på flyplassen som kunne opna skapa der bagasjen deira låg.

Dette skulle vere fordi dei sleit med bemanning etter koronapandemien, og hadde ikkje nok folk til å henta ut bagasjen der og då. 

 Privat skjermbilete
AIRTAG: Bagasjen tilhøyrer kanskje Bjørn David, men i skrivande stund ligg han i Tyskland. Foto: Privat skjermbilete

AirTag i bagasjen

Bjørn Tore og kona er to erfarne travarar, med over 100 land i bagasjen. Aldri før har dei opplevd liknande. 

– Det er det dårlegaste eg har opplevd nokon gong, seier Larsen. 

Han hadde lagt ein AirTag i bagasjen, for å ha kontroll på kvar han var. Fire dagar etter bagasjen vart sjekka inn, ligg kofferten framleis på terminal 2 i München. 

Han fryktar at kofferten blir verande der så lenge at bagasjen blir destruert, og det blir ei erstatningssak. 

– Eg får berre venta no. Det er ikkje meir å gjera, seier Hansen.

 Frode Hoff / TV 2
TRAVEL SESONG: Fleire Lufthansa-fly på Franz Josef Strauß lufthavn i München, Tyskland. Ingen av desse har bagasjen til Bjørn David. Foto: Frode Hoff / TV 2

München lufthamn: – Ingen bemanningskrise

TV 2 har vore i kontakt med Lufthansa, som opplyser at det var mange forseinkingar forrige helg på grunn av uvêret tidlegare den veka, og at den globale datakrisa fredag forrige veke gjorde at mange fly vart kansellerte og flytta til laurdag. 

Dei svarar ikkje på spørsmål om bemanning og bagasjerutiner. 

Kommunikasjonsansvarleg på Franz Josef Strauß lufthamn i München, Corinna Born, seier til TV 2 at dei på ingen måte har trøbbel med å tilsetja folk, eller har trøbbel med bagasje.

– I fjor tilsette me 1500 nye på fkyplassen, og me har tilsett 500 nye i år. 

– Er det mykje bagasjetrøbbel på grunn av mange reisande?

– Me har ikkje eit bagasjeproblem. Men med 1000 flygingar og 120.000 passasjerar dagleg, kan me aldri luka ut forseinkingar. 

Read Entire Article