Ayla (32) var sjenert – gav opp suksessfull karriere

4 hours ago 4



– Eg har alltid vore sjenert. Det var den tingen eg sleit med, seier Ayla Ågren.

NRK møter den norske racingprofilen i Spania under innspelinga av sjåarsuksessen Mesternes Mester, som startar på NRK TV 1. januar.

Det er nesten ein prestasjon i seg sjølv at Ågren tør å delta i det populære programmet – eller at ho opnar seg i dette intervjuet med NRK.

Ågren fortel at ho har kjent på eit ubehag i sosiale settingar. Sveitte hender. Frykt for å ta ordet. Og bli kjent med nye menneske.

Til slutt fekk ho nok av å vere sjenert kvinne i ei verd som kravde mingling og deltaking i offentlegheita. Og gav opp ein suksessfull karriere.

– Det var ein av dei tinga som gjorde at eg til slutt la opp, seier Ågren, som gav seg som utøvar i 2022.

jente med caps i en gocart

GOKART: Ayla Ågren starta med gokart som sjuåring.

Foto: Privat

Blei historisk

Ågren var sju år gamal då ho fyrst blei introdusert for bilsport. Ho såg onkelen og fetteren konkurrere i gokart, og fekk overtydd foreldra sine om å få starte sjølv.

jente med caps i en gocart

HEVDA SEG: Ågren byrja å hevde seg då ho var 12 år.

Foto: Privat

Med åra fekk ho betre og betre resultat på gokartbanen. Ho flytta til USA for å satse, og etter kvart fekk ho også prøvd seg i formel-bilar.

Hennar store gjennombrot kom i 2014 – då ho vann prestisjefylte F1600 Championship Series i USA, som fyrste kvinne nokosinne.

– Eg tenkte ikkje noko over det der og da, men å skrive historie som fyrste jente til å vinne eit profesjonelt formelbil-meisterskap er noko eg ser tilbake på og er stolt av, fortel Ågren.

– Ho hevda seg veldig bra, ho hadde ein fin karriere, seier motorsportkommentator Atle Gulbrandsen.

jente med caps i en gocart

TALENT: Ågren viste tidleg at ho var eit talent. Ho vann mellom anna F1600-meisterskapet.

Foto: Privat

Men i 2017 fekk Ågren kjenne på dei uføreseielege sidene ved sporten.

Ho står på startstreken i USF2000, og markerer seg med fleire gode prestasjonar.

Men så, midtvegs i sesongen, må sponsorane hennar trekkje seg. Og ho blir tvinga til å slutte.

– Det sa stopp. Klarte ikkje eg å få fram midla på ein eller annan måte, så måtte laget ta ein annan førar, fortel ho.

 SPIELBERG,AUSTRIA,02.JUL.21 - MOTORSPORTS, FORMULA 1 - Grand Prix of Austria, Red Bull Ring, W Series, practice and qualifying. Image shows Ayla Agren (NOR/ Forbes Motorsport).
Photo: GEPA pictures/ Christian Walgram
© Bildbyrån - COP 81 - SWEDEN ONLY AND NORWAY

MANNSDOMINERT: Ågren var ei av få kvinner som konkurrerte mot herrane.

Foto: GEPA pictures

Ikkje uvanleg

Ifølgje Gulbrandsen er dette ei kjend utfordring i bilsporten.

– Bilsport er ein veldig kompleks idrett. Det held ikkje berre å vere god på banen og vinne løp, fordi du har dette med alle pengane som må bli skaffa, seier Gulbrandsen.

Han held fram:

– Dette er jo den desidert mest kostnadskrevjande idretten i verda, med god margin.

Han fortel at talent ofte ikkje er nok.

– Det hjelper å vere open og by på seg sjølv. Altså å vere ein profil; stor i sosiale medium, få mykje mediedekning, ha mange fans. Alt dette hjelper, legg han til.

Ifølgje Gulbrandsen er det heller ikkje nokon fordel å kome frå eit lite land som Noreg, der det ikkje er lett å få ein stor følgarskare.

– Det gjekk ikkje

Trass i motgangen i 2017-sesongen, starta Ågren med racing att, og konkurrerte mellom anna i W series.

Men i 2022 måtte ho leggje opp av same grunn som sist.

– Det gjekk til slutt ikkje rundt, seier ho.

Ho fortel at det i stor grad handla om å selje seg inn, lage nettverk og vere open.

– Det var ikkje positivt å ikkje by på seg sjølv. Å ikkje tore å seie at ein er god. Eg torde liksom ikkje å seie: Her er eg!

«Større budsjett enn fotballsko og slikt»

Dennis Hauger, som er klar for det øvste nivået av IndyCar, kjenner godt til problemstillinga.

– Eg skjønar det, det er ikkje lett. Det er hard jobbing av og på banen, seier han.

Person i hvit skjorte med logoer foran et stort bilde av en person i racingdress. Omgivelsene tyder på et arrangement relatert til motorsport. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

INDYCAR: Dennis Hauger er klar for det øvste nivået av IndyCar.

Foto: Javad Parsa / NTB

Han trur likevel det krev ekstra mykje av bilsportsutøvarar.

– Det er større budsjett enn fotballsko og slikt. For vår del er det mykje hard jobbing. Ein må kome seg ut av komfortsona, og det er ikkje alltid like lett.

Hauger fortel at han er takksam for støtteapparatet han har rundt seg.

Også motorsportkommentatoren er einig.

– For å gje eit bilde på det: Viss du er seks år gamal i dag, og skal byrje å køyre gokart og drøymer om Formel 1. Og har ein plan om å klatre stigen til Formel 1 når du blir 18 år. Den reisa kostar i dag i alle fall 150 millionar kroner, forklarar Gulbrandsen.

Må ordne alt sjølv

Ågren er ein av deltakarane i årets sesong av Mesternes Mester. Her konkurrerer ho mot blant andre mot Kristin Strømer Steria.

Den tidlegare langrennsløparen innrømmer at ho heller ikkje var glad i å vere i offentlegheita då ho var aktiv.

En person holder opp en sølvmedalje, med teksten "Sotsji 2014" synlig på båndet. Personen har på seg en jakke og en lue med Norges flagg. Bakgrunnen er mørk, med diffuse lys som tyder på en utendørs setting om kvelden. Medaljen og personens påkledning indikerer en tilknytning til vinteridrett. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TIDLEGARE LANGRENNSLØPAR: Kristin Størmer Steira

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det er jo ein heilt annan idrett ho driv med, der du må ordne alt sjølv. Eg var jo i eit system og i eit lag der det var skiforbundet som eigentleg tok seg av veldig mykje, seier Steira.

Steira påpeikar at langrenn er ein av dei mest populære sportane i Noreg.

– Slik at det var nok mykje enklare for oss som heldt på med ein slik idrett, seier ho og legg til:

– Det gjeld jo på alle arenaer og alle idrettsgreiner, at ein sikkert kan få til meir utover det sportslege, viss ein er litt meir open.

Ayla Ågren smiler til kameraet

MESTERNES MESTER: Ågren er blant deltakarane i årets Mesternes Mester.

Foto: NRK

Har lært av amerikanarane

Sjølv om Ågren avslutta bilsportskarrieren, er ho framleis tett knytt til motorsporten. Ho bur framleis i USA, der ho har fått ein ny kvardag og tryggleik.

Ho trur at livet i USA har hjelpt henne med å handtere sjenansen.

– Eg trur eg har forstått kor «amerikansk» eg har blitt. Eg var utruleg sjenert då eg budde i Noreg, men den amerikanske kulturen har vore veldig positiv for meg, seier Ågren.

I dag brukar Ågren kunnskap og erfaringar frå bilsporten i fleire nye roller. Ho jobbar mellom anna som spottar i IndyCar, og designar dressar for mekanikarar og førarar.

– Eg har på ein måte tre-fire forskjellige hattar, men alt innan racing, da.

Publisert 24.12.2025, kl. 08.39

Read Entire Article