Avlyser tsunamivarsel i Japan

1 month ago 15



Jordskjelvet hadde ein styrke på 7,1, ifølge det japanske meteorologiske instituttet. Det var venta at tsunamien kan nå ei høgde på opp mot ein meter.

Dei første bølgene nådde kysten av Miyazaki-regionen torsdag formiddag, norsk tid. Dei største hadde ei høgde opp mot 50 centimeter, rapporterer den japanske kringkastaren NHK.

Men nokre timar seinare blei tsunamivarselet avblåst for store delar av dei sørvestre delane av landet. Men det var framleis fare for store bølger i Miyazaki-regionen, sa kringkastaren.

Ingen avvik ved kjernekraftverk

Hurtigtoga på Kyushu, den sørlegaste øya i Japan, er innstilte som følge av jordskjelvet. Miyazaki-regionen ligg søraust på denne øya.

Også flyplassen i regionen er stengd medan dei undersøker rullebanene.

Fleire viktige vegar er også stengde.

Ifølge NHK er det ikkje registrert avvik ved kjernekraftverket i Kagoshima-prefekturet, og drifta held fram som normalt.

Kjernekraftverket i Kagoshima

Kjernekraftverket i Kagoshima er framleis i drift.

Foto: Kyodo News / Ap/NTB

Det er ikkje meldt om større materielle skadar til no, men det er meldt om eit par tilfelle med lettare personskadar.

Videoar NHK har fått frå sjåarar viser at vegar og trafikklys rista kraftig under jordskjelvet, og varer som har ramla på golvet i daglegvarebutikkar.

Den japanske regjeringa sett saman ei ekspertgruppe som skal analysere skjelvet.

Kan kome nye skjelv til helga

Styresmaktene ber folk halde seg borte frå sjøen og kysten for å halde seg trygge. Dei åtvarar også mot jordskred.

Dei åtvarar mot at det kan kome nye store skjelv den neste veka, og at særleg fredag og laurdag er utsette dagar.

Japan ligg ved den såkalla eldringen rundt Stillehavet, og er svært utsett for jordskjelv. To kontinent-plater møtest under havet utanfor Japan, som fører til mykje jordskjelvaktivitet.

Publisert 08.08.2024, kl. 10.33 Oppdatert 08.08.2024, kl. 12.16

Read Entire Article