Avinor friskmeldt: Passasjertala nærmar seg 2019-nivå

3 hours ago 3



I alt var 53 millionar reisande innom dei norske lufthamnene i løpet av 2025.

Det er meir enn selskapet venta, og nesten på nivå med trafikken før pandemien.

Dei nye tala inneber at den norske flyplasseigaren Avinor er friskmeld etter fleire år med passasjersvikt og «anstrengd» økonomi.

Ifølge E24 var selskapet berre dagar unna «finansiell kollaps» då regjeringa stilte opp med 200 millionar kroner i «nødhjelp» på tampen av 2023.

Eit par år seinare er altså den mest akutte pengeknipa over.

Førde lufhamn Bringeland

Ved Førde lufthamn var det totalt 82.922 passasjerar i 2025. Det er 10 prosent fleire enn året i førevegen, og på same nivå som før pandemien (83.306 reisande i 2019).

Foto: Jan Benkholt / NRK

Avinor: – Økonomien er i god balanse

Passasjertala aukar år for år, og er nesten tilbake på 2019-nivå. I tillegg gjennomfører vi eigne kostnadskutt. Vi meiner derfor det er rett å seie at økonomien er i god balanse, seier Avinor-direktør John-Ragnar Aarset.

Konserndirektør John-Ragnar Aarset for kommunikasjon og samfunnskontakt i Avinor

– Den finansielle situasjonen var i kraftig ubalanse etter pandemien. I dag er situasjonen ein annan, seier Avinor-direktør John-Ragnar Aarset.

Foto: Avinor

Aarset presiserer likevel at det er «mange risikofaktorar som kan true biletet på lengre sikt».

Eksempel er:

  • Taxfree-ordninga. Tobakkskvoten er halvert sidan 2023. Vidare er det ein tendens til at yngre reisande handlar mindre alkohol enn eldre generasjonar.
  • Ny teknologi. Overgangen til elfly og hydrogenfly krev massive investeringar i ny infrastruktur.
  • Flypassasjeravgifta. Auka statlege avgifter gjer billettane dyrare, noko som kan dempe etterspørselen.
  • Drivstoffprisar. Høge oljeprisar eller krav om innblanding av berekraftig flydrivstoff (SAF) kan tvinge billettprisane opp, og etterspørselen ned.
  • Færre forretningsreiser. Det er framleis teikn til at pandemien har forsterka den digitale møtekulturen og redusert talet på forretningsreisande.
  • Bilde viser inngangen til Leknes lufthavn, dekket av snø. Store vinduer lar passasjerer se inn i informasjonsområdet, hvor en person står. Over inngangen er det et skilt med teksten "Leknes Lufthavn". Omgivelsene er preget av kaldt vintervær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Avinor blei hardt ramma økonomisk av pandemien og fekk til saman 7,4 milliardar kroner i driftstilskot frå staten i 2020 og 2021.

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Et høyt, grått tårn står i snødekte omgivelser, med fjell i bakgrunnen. Tårnet har lys på toppen og er omringet av snø og vegetasjon. Fjellene rundt har bratte skråninger og er dekket av snø. Omgivelsene gir en kald, vinterlig kontekst. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Avinor har ikkje mål om maksimal profitt, men om «rett profitt» som sikrar ein langsiktig berekraftig økonomisk modell.

    Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Mørketid. Hammerfest lufthavn 16. desember 2025.

    Pengeknipa til Avinor har vore til politisk sjenanse for Støre-regjeringa som i Hurdalsplattforma (2021) lova å «halde oppe og vidareutvikle dagens lufthamnstruktur».

    Foto: Allan Klo / NRK
  •  Øystein Løwer / Avinor

    Dei norske lufthamnene er svært ulike i storleik og trafikkvolum. Oslo lufthamn er den klart største og står normalt for meir enn halvparten av flytrafikken i Noreg og vel 70 prosent av all utlandstrafikk.

    Foto: Øystein Løwer / Avinor

Regjeringa: Framleis ein krevjande situasjon

Talet på flyplassar er i norsk politikk eit mål på kor godt landet heng saman, og derfor eit delikat spørsmål.

Då det regjeringsoppnemnde Quale-utvalet i 2020 tok til orde for å leggje ned flyplassar i distrikta, blei tilrådinga omgåande skote ned.

Det same skjedde då Avinor «synleggjorde» at færre flyplassar kan vere eit sparetiltak i 2023.

En person står i fokus og gestikulerer med hånden. I bakgrunnen er det en avgangstasjon med opplyste skilt. Omgivelsene virker travle, typisk for en flyplass. Det er høy belysning, og informasjonsskiltene viser avgangstider.

– Dersom vi skal vurdere endringar i lufthamnstrukturen, må dette inngå som del av langtidsplanlegginga for transportsektoren gjennom Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Foto: NTB

For eit land med lange avstandar og utfordrande topografi speler luftfarten ei avgjerande rolle i transportsystemet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

For å styrke flyrutetilbodet i distrikta innførte regjeringa halv pris på «full-flex»-billettar i 2024.

Den uttalte motivasjonen er distriktspolitisk, men prisgrepet kan også stimulere til trafikkvekst.

Tala viser at vi nå nærmar oss nivået frå før pandemien, men at trafikken ikkje har henta seg heilt inn, seier Nygård.

Det betyr at Avinor framleis vil vere i ein krevjande økonomisk situasjon framover, og at regjeringa vil følge opp dette i tett dialog med selskapet.

Han legg til:

Dersom vi skal vurdere endringar i lufthamnstrukturen, må dette inngå som del av langtidsplanlegginga for transportsektoren gjennom Nasjonal transportplan.

Publisert 19.01.2026, kl. 17.49 Oppdatert 19.01.2026, kl. 17.51

Read Entire Article