– Vi skubbar inn tusen små blad her. Dei bur i målarkosten din.
Sidan 1983 har Bob Ross si mjuke stemme og lette målarstrøk inspirert folk til å finne den indre kunstaren sin.
I 11 år gjekk TV-programmet «The Joy of Painting» på kringkastaren Public Broadcasting Service (PBS) i USA. Sidan den gong har Bob Ross blitt ei merkevare for den offentlege kringkastinga.
Men no står amerikansk televisjon i fare. Etter eit milliardkutt i mai har PBS og andre offentlege kringkastarar slite økonomisk.
Med ein unik målarstil ville Bob Ross vise at alle kan måle.
Foto: Mark Vancleave / AP / NTBMen eit unikt initiativ kan atter ein gong gje vind i segla.
I går blei tre av Ross sine måleri selde på auksjon i Los Angeles. Til saman blei dei selde for meir enn 6 millionar norske kroner.
Dei blei selde på vegner av American Public Television (APT). Alle pengane skal gå til dei og PBS.






Bob Ross målar eit tre i kjend stil.
ReutersMed hjarte for offentleg kringkasting
30 år etter Ross sin død er det i dag Joan Kowalski som har ansvaret for dei fleste Bob Ross-måleria, som president i stiftinga Bob Ross Inc.
– Det var ein idé eg fekk midt på natta for eit par månadar sidan, seier Kowalski til Reuters.
Det var Joan Kowalski som fekk idéen til å selje Ross sine måleri til inntekt for PBS.
Foto: ReutersHo har vore uroa over framtida for kringkastarane etter kuttet i mai.
– Om Bob framleis var her, trur eg dette er noko han kunne ha gjort, seier Kowalski.
Og initativet ser ut til å falle i god smak hjå ivrige kjøparar.
«Cliffside» blei selt for 114.800 dollar; «Home in the Valley» gjekk for 229.100 dollar; medan «Winter's Peace» blei selt for heile 318.000 dollar. Desse blei måla mellom 1990 og 1993.
Til saman skal 30 av Bob Ross sine måleri bli selde gjennom fleire auksjonar. Det var auksjonshuset Bonhams som først melde om auksjonen.
Bob Ross viste sine 2 millionar sjåarar korleis han måla vakre landskap i 11 år.
Foto: NTBTV-programmet hadde heile 416 episodar fordelt på 32 sesongar. I kvar episode starta Bob Ross med eit blankt lerret og viste sjåarane korleis han måla naturlandskap i alle årstider, ofte inspirert av Alaska.
«Ingen PBS, ingen Bob»
Bob Ross har den siste tida blitt brukt som maskot for ein stadig meir utsett amerikansk offentleg kringkasting.
«Ingen PBS, ingen Bob» stod det på ein plakat under protestar i Chicago, Illinois for to veker sidan.
For to veker sidan samla fleire demonstrantar utkledde som Bob Ross i Chicago, Illinois.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTB"Ingen PBS, ingen Bob" stod det på ein plakat i Chicago, med referanse til kor viktig Bob Ross har vore for Public Broadcasting Service.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTBDen karakteristiske afroen til Ross blei brukt i demonstrasjonane for to veker sidan.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTBMålet med protestane var å vise misnøya si med kuttet til kringkastarane på til saman 1,1 milliardar amerikanske dollar.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTB
Fleire av demonstrantane kledde seg ut som Ross med den ikoniske afroen sin. Bodskapen deira var å misnøya si med at Trump-administrasjonen kutta i føderal stønad til fleire kringkastarar med heile 1.1 milliardar dollar, eller 11 milliardar norske kroner.
Den ikoniske målaren fekk sin renessanse hjå unge under koronapandemien. Han er i dag eit kjent ansikt for mange unge på sosiale medium, også i Noreg.
– Viktige demokratiske bidrag
Lise Rakner er professor ved institutt for politikk og forvalting ved Universitetet i Bergen. Ho ser lyst på auksjoninitativet, men meiner at behovet for slike auksjonar vitnar om eit skadd medielandskap i USA.
– Kommersielle mediehus tek over for dei offentlege kringkastarane i USA. Dei er ganske like sosiale medium. Dei skal tene pengar på at vi blir verande der, men nyhendemantraet er jo at ein skal legge fram begge sider av ei sak, seier Rakner.
Lise Rakner er uroa for at mange kringkastarar i USA har mista stønad frå dei føderale myndigheitene.
Foto: Eivind Senneset / UiB– Difor er slike auksjonar viktige demokratiske bidrag, meiner Rakner.
Å bruke nettopp kunst for å oppnå eit politisk mål kan ha store ringverknader, meiner Siri Gloppen. Ho er kunstvitar og også professor ved Institutt for politikk og forvalting ved UiB.
Siri Gloppen er kunstvitar og trur Ross-aksjonen er viktig for å engasjere amerikanarar.
Foto: Privat– Denne auksjonen er jo for å tene pengar, men også for å få merksemd rundt problema til den offentleg televisjonnen i USA, som var eit viktig tema for Bob Ross, seier Gloppen.
Ho peikar på at ved å bruke Bob Ross sin populære kunst, kan ein engasjere folk som elles ikkje ville ha brydd seg om stønaden til kringkastarane og spørsmål om mediemangfald.
Ytterlegare 27 Bob Ross-måleri skal bli selde på auksjonar i Boston, New York og Los Angeles i løpet av neste år.
Vil du følge med på det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her:
Publisert 12.11.2025, kl. 21.50






















English (US)