Augevitne i Moskva: – Byrja å skyte alle

1 month ago 24



22. mars 2024 kl. 20:53

Over 40 er meldt drepne etter skyting i eit konserthus i Moskva fylke fredag kveld.

Eit augevitne som Reuters har snakka med fortel om den dramatiske situasjonen.

– Eg sat oppe på balkongen. Så høyrde vi skot. først skjønte vi ikkje kva som hadde skjedd, men så sog eg sjølv korleis terroristane kom inn, byrja å skyte alle, seier mannen.

Deretter skal gjerningspersonane kasta ein molotovcocktail.

– Vi blei ført til utgangen som viste seg å vere låst, så sprang vi gjennom heile konserthuset for å finne ein utgang, men til inga nytte. Vi gjekk inn i kjellaren og venta på naudetatane, seier han vidare.

Read Entire Article