Åtvarar Solbakken før VM: – Eg er veldig skeptisk

2 hours ago 1



– Det er skamtrangt, det er ikkje plass. Eller jo ...

Det seier NRKs fotballekspert Andrine Hegerberg då ho går gjennom lista over spelarar som bankar på døra til Ståle Solbakken og det norske det norske herrelandslaget i fotball.

– Det blir brutalt for den eine spelaren som ikkje får bli med i den VM-troppen, slår fotballekspert Kristoffer Løkberg fast.

I podkasten «Bakrommet» går Løkberg og Hegerberg i djupna på kven som skal få lov til å dele garderobe med kaptein Ødegaard og kompanjong Haaland.

– Kva skal vi med Hauge?

– Eg er heilt sikker på at tre nye skal inn, kjem det frå Løkberg.

Odin Bjørtuft, Nikita Haikin og Fredrik Aursnes er dei tre nye fjesa i Ståle Solbakkens kommande tropp, ifølge den tidlegare Viking-spelaren.

Haikin har enn så lenge ikkje norsk pass, men har vore i ein prosess med å skaffe seg dette i ein lengre periode.

Men Jens Petter Hauge burde det ikkje ryddast plass til, meiner Løkberg.

 Bodø/Glimt - Fredrikstad

DOMINERER: Jens Petter Hauge har vore i fyr og flamme i Mesterligaen for Bodø/Glimt denne sesongen.

Foto: Mats Torbergsen / Mats Torbergsen / NTB

– Eg skal vere heilt ærleg: kva skal vi med Jens Petter Hauge? undrar Løkberg.

Bodøværingen står med seks mål i årets Meisterliga – men framleis den av Glimt-spelarane som er lengst unna ein plass, meiner Løkberg.

– Vi har Nusa, som er ein betre spelar. Schjelderup har også gjort ein kanonsesong. Vi har ikkje behov for tre spelarar som er såpass like.

Skeptisk til endringar

Carl-Erik Torp har tidlegare uttrykt at seks spelarar frå Bodø/Glimt bør få sjansen på landslaget, blant anna Håkon Evjen, Odin Bjørtuft og Fredrik Sjøvold.

Dette sa Ståle Solbakken til NRK førre veke:

– Sjølvsagt gagnar det Glimt-spelarane at dei har stått for historiske bragder, og mange er med i vurderinga. Eg snakkar jamleg med Kjetil Knutsen.

Likevel åtvarar Hegerberg landslagstrenaren om å gjere for mange rokeringar.

– Ein skal vere forsiktig med å ta bort noko ein har bygd opp over lengre tid. Eg er veldig skeptisk til å gjere for mange endringar.

Andrine Hegerberg

KABAL: Andrine Hegerberg meiner det er viktig at det ikkje blir for mange endringar i dei neste troppane fram mot VM.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Høyr heile episoden og kven dei meiner ryk ut av troppen her:

– Mange må ta seg sjølv i nakken

Løkberg er spent på korleis landslagssamlinga i slutten av månaden kjem til å bli.

– Det blir veldig viktig å bruke dei kampane godt. Det blir spennande å sjå korleis Ståle Solbakken set saman den troppen, om det blir nokre nye som får sjansen til å vise seg fram.

Kristoffer Løkberg

GIRA: Løkberg ser fram mot neste landslagssamling.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Med så mange spelarar å ta av blir det rift om plassane, meiner Løkberg.

– Det skapar ein dynamikk og konkurranse der mange spelarar må ta seg sjølv i nakken og prestere når ein først får sjansen.

Kva hadde du gjort visst du var Ståle Solbakken?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Herrelandslaget skal spele to privatlandskampar denne månaden. Først borte mot Nederland 27. mars, så heime mot Sveits 31. mars.

Fleire slit med speletid

Denne helga var både Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland ute med skade, og måndag drog også Fredrik Aursnes på seg ein skade.

Likevel er det andre spelarar på det norske herrelandslaget ein bør vere meir skeptisk til, seier Løkberg.

Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland

DUO: Forventningane er store til Haaland og Ødegaard i sommarens verdsmeisterskap.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

– Det er veldig mykje meir kritisk for ein David Møller Wolfe som får altfor lite speletid. Torbjørn Heggem har heller ikkje den rytmen. Ørjan Nyland er ein heilt eigen case også.

Frå den avgjerande 4–1 sigeren mot Italia i november, var 6 av 11 spelarar ikkje på bana for sine klubblag denne helga.

Landslaget til Norge mot Italia

AUDMJUKA: Italia vart sett i gapestokken då Noreg knuste dei i begge kampane i VM-kvalifiseringa.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Publisert 03.03.2026, kl. 17.04

Read Entire Article