Åtvarar mot restitusjonstrend: – Viser ingen effekt

19 hours ago 1



Den belgiske fotballspelaren Loïs Openda vekka oppsikt då han utførte ein «koppebehandling» over nesten heile kroppen.

Ein slik behandling er ikkje uvanleg blant idrettsutøvarar, men talet koppar var noko meir spesielt.

– Dette såg vilt ut ja. Eg har sett liknande bilete før, men dette var fleire koppar enn eg kan hugse å ha sett.

Det seier Harald Markussen, leiar for fysioterapiavdelinga på Olympiatoppen.

Openda-behandling

BEHANDLING: Også framsida av låra til Openda vart påført koppar.

Foto: Skjermdump frå instagrambrukaren akhimaja.belgium

Han åtvarar om at det kan ha motsett effekt enn det som er føremålet.

– Hard manuell behandling av mange slag, vil sannsynlegvis og logisk sett forlenge restitusjonstida dersom man påfører blødingar i hud og underhud som man kan sjå etterpå.

Spesialist i Belgia

Det er den belgiske helsebedrifta Akhijama som står bak bileta på Instagram. I ettertid har fleire store internasjonale medium omtalt hendinga.

Den spanske storavisa Marca skreiv blant anna: Terapien som har sjokkert fotballverda: Kva gjer Openda?

Italienske Tuttosport omtalte det slik: «Bildet er nesten forstyrrande og ser meir ut som tortur enn ein kur».

Lois Openda

SLIT: Loïs Openda har hatt ein vanskeleg start etter overgangen til Juventus.

Foto: MARCO BERTORELLO / MARCO BERTORELLO / AFP / NTB

Det belgiske selskapet skriv på eigne heimesider at dei er spesialistar på kopping.

Selskapet har posta ei rekkje innlegg på Instagram av profesjonelle fotballspelarar som har gjennomgått behandlinga.

Blant desse finn vi blant anna Borussia Dortmund sine spelarar Serhou Guirassy og Ramy Bensebaïni.

Dortmund's Guinean forward #09 Serhou Guirassy (R) celebrates scoring the opening goal from the penalty spot with his teammate Algerian defender #05 Ramy Bensebaini

DUO: Ramy Bensebaïni og Serhou Guirassy på Borussia Dortmund har begge gjennomført koppebehandling frå selskapet Akhijama.

Foto: AFP

Under innlegget med Juventus-stjerna Openda skriv dei:

«Takk til han for tilliten, gjestfridommen, invitasjonen til Torino og den fantastiske restauranten. Alltid ei glede å følge opp eksepsjonelle utøvarar i deira prestasjonar og restitusjon.»

NRK har prøvd å få ein kommentar frå selskapet om behandlingsmetoden, utan å få svar.

– Aldri sett så mange koppar

Fysioterapeut og massør Jedrek Ksiazkiewicz i selskapet Rygg&Rehab kjenner koppebehandlinga godt.

– Eg meiner at kopping generelt er ein effektiv metode som kan støtte kroppens restitusjon etter intensiv fysisk belastning. Bruken av koppar fører til auka blodgjennomstrømning i musklane, noko som kan bidra til betre regenerasjonsprosesser.

Jedrek-Ksziazkiewicz

RESTITUSJON: Fysioterapeut og massør Jedrek Ksiazkiewicz meiner kopping kan ha stor effekt på restitusjonen, men at stor mengde kan vere belastande for kroppen.

Foto: Rygg&Rehab

Likevel er han tvilsam til den mengda koppar som er i bruk i dette tilfellet.

– Eg har aldri sett så mange koppar brukt samtidig. Etter min meining kan ein så stor mengde vere ganske belastande for heile kroppen.

Harald Markussen i Olympiatoppen legg denne type restitusjon i kategorien «alternativ» behandling.

– Så vidt meg kjent, så er dei studia som er gjort, og som viser små effektar på smertetilstandar, av lav kvalitet og gjerne gjort av dei same personane som tilbyr denne typen behandling. Store oversiktsstudium av god kvalitet viser ingen effekt.

Portrett av Harald Markussen

OLYMPIATOPPEN: Harald Markussen i Olympiatoppen er skeptisk til koppe-behandlinga som Openda utførte.

Foto: Olympiatoppen

Olympiatoppen seier dei ikkje tilbyr denne typen medisinsk behandling på grunn av manglande dokumentasjon på effekt.

Publisert 22.04.2026, kl. 11.18 Oppdatert 22.04.2026, kl. 11.35

Read Entire Article