– Dei som gjer det er løysingsorienterte, men risikoen for å skade seg er jo veldig høg, seier Rosalin Fredriksen.
Ho og venninna har den siste tida lagt merke til det nye fenomenet i sosiale medium.
– Eg tenker det kan vere upraktisk og farleg. Elsparkesykkel er farleg nok frå før. Ein treng ikkje gjere det farlegare, seier Siri Brean.
Venninnene Siri Brean og Rosalin Fredriksen synest lite om den nye måten å køyre elsparkesykkel på.
Foto: Ingrid M Langvik / NRK– Det er ei litt slapp løysing. Det er sånn late folk som ikkje gidd å stå eit par kilometer gjer, fortel Petter Astrup Ludviksen til NRK.
Likevel innrømmer han at han tidlegare har prøvd å køyre på denne måten, men at han nå har slutta.
– Eg fekk mopedbil, så da kunne eg sitte i eit sete i staden, seier han lattermildt.
Petter Astrup Ludviksen har ingen planar om å utsette seg for fenomenet igjen.
Foto: Ingrid M Langvik / NRKRisikerer millionbøter
Det kan nok ha vore lurt, for i tillegg til å vere farleg kan den ulovlege køyringa bli svært dyr.
– Om det i verste fall skulle skje ei hending som er alvorleg, vil ein vere erstatningsansvarleg for mange hundre tusen kroner, og kanskje opp i millionklassen.
Regionleiar i Trygg trafikk Østfold, Paal-Gunnar Mathisen.
Foto: Simen Meistad Hermansen / NRKDet seier regionleiar i Trygg trafikk Østfold, Paal-Gunnar Mathisen.
Som førar av elsparkesykkel må du nemleg ha ei ansvarsforsikring, som skal dekke skadar på personar og eigedom.
Om køyretøyet er tukla med eller ein køyrer ulovleg, vil nemleg ikkje forsikringa gjelde.
Uforståeleg
Trygg trafikk ser denne uortodokse, og ulovlege, løysinga i trafikken dagleg.
– Det kan sikkert opplevast veldig morosamt når dei gjer dette, men nei, dette er dumt, seier Mathisen og påpeikar at ingen elsparkesyklar er godkjente for å sitte og køyre på.
Ifølge Trygg trafikk skjer det meir enn éi ulykke med elsparkesykkel i Østfoldbyane kvar dag.
I 2023 blei det registrert over 540 skadar på Oslo skadelegevakt ved bruk av elsparkesykkel. I 2025 har dette dobla seg, ifølge Statens vegvesens rapport.
Framfor NRKs utsende testar han likevel korleis det er å køyre framkomstmiddelet sittande på toppen av plastkorga.
– Dette her opplevast som ganske kronglete og vanskeleg. Køyreeigenskapane er jo ikkje som dei skal vere, seier regionleiaren etter ein liten runde.
Han stiller seg uforståande til kvifor ungdom gjer dette.
– I verste fall kan det skje ei ulykke der nokon døyr. Dette er livsfarleg, seier Mathisen.
Handlekorger forsvinn
For daglegvaresjefen ved Obs Fredrikstad fører den nye trenden til eit anna problem:
– Ja, det forsvinn korger innimellom. Eg har akkurat tatt imot 80 nye handlekorger nå, seier Kjetil Haugen.
Daglegvaresjefen ved Obs på Værstetorvet i Fredrikstad har fått på plass fleire nye handlekorger.
Foto: Siw Mariann Strømbeck / NRKKundar tar med seg handlekorger over heile senteret, og nokre finn han utandørs eller i parkeringshuset.
Han blir overraska når han får høyre kva handlekorgene hans blir brukte til.
– Det er, for å seie det fint, galskap på to hjul!
– Det er jo ikkje akkurat det korgene mine er laga for å bli brukte til, legg Haugen til.
Openbert aktlaust
Også Utrykkingspolitiet fortel at dette er noko dei ser meir av, men at det er uakseptabel åtferd.
– Det er heilt openbert at ein kan skade både seg sjølv og andre, konstaterer assisterande sjef i Utrykkingspolitiet, Roar Skjelbred Larsen.
Han forklarer at bruk av elsparkesykkel og andre køyretøy berre skal gjerast i samsvar med lova.
Assisterande sjef i Utrykkingspolitiet, Roar Skjelbred Larsen.
Foto: Anne Lognvik / NRKSer utrykkingspolitiet dette på gata, viser dei ingen nåde.
– Vedkommande blir stansa, meldt og det blir vurdert på staden om dette er så grovt at ein også tar beslag i elsparkesykkelen.
Publisert 31.05.2026, kl. 11.01















English (US)