Åtvarar mot å trasse EU: – Det er ein større trussel om vi ikkje innfører

7 hours ago 3



Vi er i ein situasjon der vi risikerer at USA går i ein handelskrig med Europa. Av omsyn til norske arbeidsplassar må vi innføre det som no ligg på bordet.

Det seier Frode Alfheim, som er leiar i LO-forbundet Industri Energi.

Arbeidarparti-leiinga jobbar no for å få igjennom tre delar av EUs fjerde energipakke.

Medan regjeringa sit i konferanse og diskuterer saka får Støre støtte frå LO-toppen. Alfheim fryktar at norske arbeidsplassar kan forsvinne dersom Senterpartiet får vilja si.

– Det er ein større trussel om vi ikkje innfører dei delane som no er på bordet, seier Alfheim.

Frode Alfheim, forbundsleder i Industri Energi.

Frode Alfheim, er leiar i LO-forbundet Industri Energi.

Foto: Erik Waage / NRK

Også LO-sekretær Are Thomasgard åtvarar mot å høyre på Senterpartiet.

– Det er ikkje noko kontroversielt i desse direktiva. Vi kan bruke tid og ressursar på ting som er heilt ukontroversielle. Det er berre tull å bruke energi på å krangle om det, seier Tomasgard til NTB.

Også EU-motstandarar i Ap har gått langt i å «ufarleggjere» direktiva som i dag ligg på bordet, symbolisert ved Trond Giske som uttaler at Senterpartiet «tek kampen på feil sak».

– Vi har ikkje ein einaste millimeter å gi

Rundt om i landet er mange spent på utfallet av kraftstriden.

Senterpartiet set denne saka unødig på spissen, seier Gloppen-ordførar Arnar Kvernevik (Ap).

Han legg til:

Men i eit valår er det ikkje så uventa.

I selskap med ei rekke andre Ap-ordførarar meiner han at Senterpartiet har lykkast (for godt) med å sette tonen og ramma for debatten.

Sandra Borch (Sp) leverte tidlegare i veka eit «straum-ultimatum» i VG.

Senterpartiet har ikkje ein einaste millimeter å gi, sa ho.

COOzzn6Apm4

Sandra Borch (Sp) leverte tidlegare i veka eit «straum-ultimatum» i VG.

Foto: NTB

Vi er avhengige av å ha eit godt forhold til EU

Fleire Ap-ordførarar seier til NRK at Senterpartiet underslår at verda har endra seg på grunn av krigen i Ukraina.

I tillegg gjer toll-signala til Donald Trump at ein handelskrig kan vere like om hjørnet.

Om noko, taler utviklinga for å pleie eit tettare – ikkje eit fjernare – forhold til Brussel, samanfattar Kvernevik.

Noreg avhengige av å ha eit godt forhold til EU, mellom anna for å eksportere andre varer som til dømes laks. Å ta inn delar av den fjerde energipakken kan vere tilstrekkeleg for å vise at vi kjem EU i møte i ei svært uroleg tid.

Han presiserer at han «som sosialdemokrat» er «opptatt av at vi i størst mogeleg grad skal ha nasjonal kontroll over kraftproduksjonen».

Noreg kan ikkje berre hauste goda i det internasjonale samarbeidet. Eg håpar derfor at Sp kan følge Ap i denne saka, seier Bykle-ordførar Hans Blattmann.

Han sender følgande helsing til statsrådane som i dag møtest til regjeringskonferanse:

Internasjonalt samarbeid handlar om å gi og ta.

  • Stian Jean Opedal Davies

    Brit Jorunn Svanes

    Stian Jean Opedal Davies (Ap), fylkesvaraordførar i Vestland fylke

    Kraftpolitikken må bygge på konkrete løysingar, ikkje populisme. Noreg har, og skal ha, nasjonal kontroll over krafta. Det viser Arbeidarpartiet når vi i forslag til partiprogram går inn for ikkje å føre vidare Danmarkskablene. Auka bruk av fornybare løysingar og energieffektivisering er viktig, og eit nært samarbeid med EU er avgjerande for næringslivet og industrien på Vestlandet.

  • .Arnar Kvernevik

    Andrine Gald Myklebust

    Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen kommune

    Eg er opptatt av at vi i størst mogeleg grad skal ha nasjonal kontroll over kraftproduksjonen. Dette for å sikre sikker og stabil tilgang til kraft til forbrukarane og industrien til ein rimeleg pris. På den andre sida er Noreg avhengige av å ha eit godt forhold til EU, og å ta inn delar av energipakken kan vere tilstrekkeleg for å vise at vi kjem EU i møte i ei svært uroleg tid.

  • Hans Blattmann

    Svein Sundsdal

    Hans Blattmann (Ap), ordførar i Bykle

    Det som har sett fart i debatten er dei høge straumprisane, men hovudårsakene til desse høge prisane har vore og er krigen i Ukraina og at straum til tider er eit knappleiksgode, i tillegg til nett mellom dei ulike prisområda i Noreg. Strøm er normalt ikkje eit knappleiksgode i Noreg, men med lite nedbør og låg fyllingsgrad i vassmagasina så blir dette også tilfellet i Noreg. Da vil også Noreg

Andre er avhengige av oss, og vi er avhengige av dei

Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug meiner at «den store harmen over energipakken er overdriven» og at fleire delar av energipakken er «heilt greie».

Vi er ein eksportkommune, og EU er den desidert største marknaden vår.

Gulen-ordførar May-Lynn Osland ber statsrådane om å vektlegge kvardagsøkonomien til folk flest, og «passe på at vi ikkje kjem på kant med EU meir enn nødvendig».

Vi må vare på energiavtalane. Andre er avhengige av oss, og vi er avhengige av dei.

Publisert 23.01.2025, kl. 14.39 Oppdatert 23.01.2025, kl. 15.08

Read Entire Article