– Ein tenker kanskje at det ikkje skal skje noko på dei korte turane, til idretten eller skolen for eksempel. Men ein kan ikkje planlegge når bilulykka skjer.
Det seier Espen Østvold Rølla. Han er far til seks barn.
Philip på 11 år, William på 9, Emily på 4, tvillingane Birk og Iben på 15 månader og vesle Lily som er 5 veker gamal.
– Først og fremst er det ei stor glede, men også hektisk. Det må eg understreke. Men det er herleg. Herleg slitsamt.



– Det er eit forsøk på humor, seier seksbarnsfaren om sitt personlege bilskilt. Han innrømmer at det nok også er litt harry.
FOTO: JONAS ODEN ULSET/NRKMed seks barn må han vere god på både logistikk og struktur. Og sjølv om tida kan vere knapp, tar han sikring av barn i bil på alvor.
– Vi må ta oss tid til å sikre barna våre så godt vi kan, seier han.
Men ferske tal frå Trygg Trafikk viser at fleire ikkje gjer det.
Les også om at Trygg Trafikk åtvarar mot å kjøpe brukte barnesete.
Ikkje godt nok sikra
– Vi kan ikkje vere tydelege nok på kor viktig det er at barna sit godt sikra så lenge som mogleg, seier Silje Kristine Hansen frå Trygg Trafikk.
Undersøkinga viser at omtrent kvart fjerde barn mellom fire og ni år sit på bilpute, i staden for eigna beltestolar.
65 prosent i aldersgruppa 4 til 9 år sit sikra i framovervendt barnesete, medan 5 prosent framleis sit bakovervendt, ifølgje undersøkinga.
Totalt er altså 70 prosent rett sikra.
Det er ein auke frå 53 prosent ved førre teljing for to år sidan. Likevel er ikkje Trygg Trafikk fornøgde.
Ifølge undersøkinga sit 24 prosent av barna i aldersgruppa på bilpute, medan 5 prosent bruker dei originale belta til bilen, og 1 prosent sit heilt usikra.
– Om du skulle vere så uheldig å hamne i ei ulykke, så vil du jo at barna dine skal vere best mogleg sikra. Sjølv om det berre er ein kort tur, seier Hansen.
– Den gode nyheita er at stadig fleire foreldre sikrar barna riktig, anten bakovervendt eller i beltestol. Det er veldig bra. Men det er framleis altfor mange som kastar ut bilstolen for tidleg, seier Silje Kristine Hansen i Trygg Trafikk.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK– Barna dine lærer jo gode vanar frå dag éin ved at du er påpasseleg og snakkar om det her. Så det er også ei god læring for livet.
Fleire vel bilpute for tidleg
Ser ein på barn i alderen 4 til 7 år, sit 17 prosent av dei på bilpute.
– Desse barna er for små av vekst til å bruke bilpute. Dei har behov for betre støtte.
Det er særleg i Innlandet, Østfold og Akershus at bilputebruken er utbreidd. Her sit 29 prosent i aldersgruppa 4–9 år på bilpute.
Trygg Trafikk si oppfordring er å skifte til bilpute først når barnet har vakse ut av beltestolen. Det finst også beltestolar som er godkjente for bruk inntil 150 centimeter, opplyser Trygg Trafikk.
– Vi trur kanskje at ein del ikkje er klar over fordelen ved beltestol, og kva som kan vere utfordringane ved å berre bruke bilpute.
Mellom anna kan det vere krevjande for eit barn å sitte rett på ei pute, og ha beltet rett plassert under heile køyreturen.
I tillegg kan ein beltestol hjelpe barna med rett sittestilling, og vere ei god støtte dersom barnet sovnar, forklarar ho.
Les også om då ein ikkje sikra barn i bilen.
– Ein kamp
Sjølv om seksbarnsfaren tar sikring av barn i bil på alvor, innrømmer han at også han har synda.
– Tid er vår tids viktigaste valuta for mange. I ein stressande kvardag er det lett å ta snarvegar. Det forstår eg godt, og kanskje særleg på dei korte turane.
– Eg har tatt snarvegar sjølv, så eg er ein stor syndar. Men eg prøver å gjere så godt eg kan, noko eg trur alle gjer. Men det er bra å ha fokus på dette, så fleire kan hjelpe kvarandre å sikre barna.
– Det er ofte høgda det kjem an på ved val av bilsete. William er snart høg nok, altså 140 centimeter, til å kunne sitte på pute framme i bilen med meg, seier Espen Østvold Rølla.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRKOg det gler William (9) seg til. – Det blir godt å sitte framme. Då slepp eg mykje skriking, seier han.
Foto: Jonas Oden Ulset / NRK
Kvifor fleire slurvar med sikringa, veit han ikkje, men han trur det kan vere ein kamp mange ikkje orkar å stå i.
– Eg synest ofte det er ein kamp. Da må ein berre prøve å vinne den kampen kvar dag så dei sit godt sikra. Men eg forstår at det kan vere slitsamt.
- Usikker på korleis du skal sikre dei minste barna i bilen? Då bør du sjå denne videoen.
– Eg opplever kvar veke at det er unnskyldningar eller at det er flautt å sitte i bilstol. Eg får høyre at «ingen andre gjer det, berre du tvingar oss til det». Ja, men da gjer eg det, da, og så er det sånn, seier seksbarnsfaren.
Publisert 02.12.2025, kl. 16.16















English (US)