Ørnes skule har sendt ut brev til alle føresette etter bekymringar om rusbruk blant ungdom. Skulen stadfestar at dei har sett ein auke i bruk av vape, snus og tobakk dei siste vekene.
Det melder Avisa Nordland.
– Vårt inntrykk er at fleire ungdom røyker enn for berre nokre få år sidan. Det ser ut til at det har tatt seg opp, særleg med e-sigarettar, seier kommunalsjef for oppvekst, Else Andersen.
Ho understrekar at skulen har nulltoleranse for rusmidlar og vil varsle føresette dersom elevar blir observert med slike produkt.
Skulen har innført tiltak som låste toalett og meir inspeksjon. Kommunen etablerer også eit nytt tverrfagleg team for å førebygge rus og kriminalitet blant ungdom.















English (US)