Arvid Sjødin braut god advokatskikk overfor Viggo Kristiansen

13 hours ago 1



Advokat Arvid Sjødin, som i mange år representerte Viggo Kristiansen, har fått kritikk frå Advokatnemnda, melder VG.

Sjødin er pålagt å betale 20.000 kroner i sakskostnader til sin tidlegare klient.

– Eg vil ikkje kommentere saka. Viss advokatnemnda ønsker at advokatar ikkje skal ha ytringsfridom, må eg forhalde meg til det, seier Sjødin til NRK.

Kristiansen fekk i 2022 omgjort dommen for dobbeldrap og blei frikjent i Baneheia-saka. Saka er ei av dei mest kjende og opprivande drapssakene i norsk rettshistorie.

Sjødin trekte seg som Kristiansens advokat i 2023. Etter frikjenninga har det oppstått fleire konfliktar mellom Kristiansen og tidlegare støttespelarar.

– Klienten min er sjølvsagt nøgd med at dette vann fram, slik klaga også la til grunn. Han meinte at dette var eit brot på teieplikta til advokaten, og dette har ein fått medhald i. Han ønsker ikkje at dette skal førekome, seier Carl Aasland Jerstad, Kristiansen sin noverande advokat til NRK.

Han legg til at Kristiansen ikkje kjem til å forfølge dette vidare.

Read Entire Article