Arne Scheie (82) har sett alle VM-kampane: – Best å sjå for seg sjølv

1 day ago 1



– Det er faktisk mange som spør meg om eg er interessert i fotball når eg ikkje kommenterer fotball for NRK lenger. Eit utruleg spørsmål å få, humrar Arne Scheie.

Sjølv om han har blitt 82 år er kommentatorlegenda i storform. Og no har han funne VM-flyten saman med det norske landslaget i USA.

– Eg ser på alt frå VM. Eg lyg kanskje litt. Ein del av nattkampane ser eg i opptak dagen deretter, avslører Scheie.

En portrett av Arne Scheie bak en vegg med bilder

LEGENDE: Arne Scheie kommenterte 863 fotballkampar for NRK før han pensjonerte seg i 2013.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

Snakka med pappa Solbakken

NRK møter han i bakhagen i heimen på Holmen i Oslo. Kona Ellen har dekt på til fest. Scheie og kona har invitert venner for å feire Noregs avansement til 16.-delsfinalen.

Triumfen mot Senegal var det første oppgjeret der han slo på vekkjarklokka.

– Eg skal vere så ærleg å seie at Noreg-kampen var den første kampen eg såg live klokka 02.00, seier han.

– Eg får med meg det meste. Eg er litt interessert i fotball framleis, held han fram.

VM-kampane ser han på «furterommet» som han kallar det, i 2. etasje. Veggane er fulle av gamle minne frå eit langt liv som sportsjournalist og kommentator.

– Eg ser fotball, tru det eller ei, på denne. Fordi då kan «frua» vere på TV-rommet og sjå sine greier, fortel Scheie, og viser fram ein PC-liknande monitor der han ser fotballen sin.

– Men Noreg mot Senegal såg vi saman på TV-rommet.

Men elles likar han å sjå kampar aleine.

– Eg hadde akkurat ein samtale med faren til landslagssjefen, Svein Solbakken, og der er vi einige: Det er best å sjå det for seg sjølv.

trofeene og bildene til Arne Scheie som henger på veggen

MINNER: Arne Scheie ser fotball på «furterommet». Veggane er fulle av gamle minner.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

– Ikkje Brasil-nivå

For mange nordmenn er mannen frå Skedsmo lyden av fotball. Han var den som kommenterte at «vi har skåra i Marseille» i 1998.

2-1-triumfen mot Brasil førte Noreg vidare til åttedelsfinalen. Og er rekna som norsk fotballs største augneblink. Det er det framleis, meiner Scheie.

– Eg vil ikkje samanlikne Brasil med Senegal, fordi Brasil er noko heilt eige. Men denne gongen er vi klare etter to kampar, og det er sånn sett ein større prestasjon. Vi måtte jo ha tre kampar for å vere klare for sluttspelet i 1998, mimrar Scheie.

– Så Noreg-Senegal er det nest-største i norsk fotball-historie?

– For meg er det det. I og med at vi går vidare til sluttspelet i VM, og når vi veit kva posisjon fotball har i verda. Det ligg ikkje på Noreg-Brasil nivå, men tett oppunder, meiner han.

Glad for at han tok poenget

Han kommentert til saman 10 VM for NRK. Det første i 1974.

Plutseleg kjem vi inn på kvartfinalen mellom Argentina og England i VM i 1986. Scheie sat ringside på Azteca stadion 22. juni i Mexico.

Diego Maradona med Guds hand, og Peter Shilton

GUDS HAND: Diego Maradona handsar ballen i mål i 1986.

Foto: NTB

Diego Maradona skåra 1–0 til Argentina med det som seinare blei kalla «Guds hand». Maradona handsa ballen i mål i luftduellen med Englands målvakt Peter Shilton.

– I ettertid er eg veldig glad for at eg stilte spørsmålet med ein gong: Har vi sett handballspelaren Maradona?

– Fordi du tok poenget der og då?

– Du er alltid glad for at du tek dei poenga som ligg der. Det er ikkje alltid så lett.

Seinare i kampen fekk han sjå Maradona skåre «verdas vakraste mål», som han sjølv kommenterte situasjonen.

Då han såg Argentinas kaptein gå med ballen frå eigen banehalvdel og putte 2–0 etter å ha dribla alt av engelskmenn.

Også då tok han poenget.

– Heldigvis har eg sett mange fotballkampar og diskutert mykje fotball med venner. Og når du på det nivået går frå eigen banehalvdel mot eit så godt forsvar som England – må det igjen vere lov å stille spørsmålet: Er dette verdas vakraste mål? Her fekk vi sjå alt som Maradona hadde å by på, seier Scheie.

Maradona og Shilton

VERDAS VAKRASTE MÅL: Keeper Peter Shilton har framleis mareritt etter dette målet i VM i Mexico.

Foto: AFP

Likar roing

Han pensjonerte seg i 2013 som 70-åring. Siste kamp han kommenterte var cupfinalen mellom Molde og Rosenborg same året.

– Eg gjorde ei oppsummering før du kom. Eg har kommentert 863 kampar for NRK. Det blir ein del kampar.

– Saknar du å kommentere fotball?

– Eg saknar spesielt kollegaer. Men eg saknar ikkje reiser. Eg synest det er herleg å skru på når det byrjar, og når det er slutt – så er det slutt. Eg må ikkje rydde ned, og reise til nye stadar og organisere.

Arne Scheie

FEST: Hos familien Scheie var det dekka opp til fest etter Noregs triumf mot Senegal i VM.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

No førebur han seg uansett til Noregs siste gruppespelkamp mot Frankrike. Då slepp han heldigvis å stå opp om natta.

Oppgjeret blir spelt fredag klokka 21, og kan sjåast på NRK 1

Og sjølv den norske fansen si «roing» blir omfamna av Arne Scheie.

– Eg synest det er heilt greitt. Og så får vi jo merksemd. Kvifor skal ikkje Noreg vere først med ein «gimmick» som går over heile verda?

Og kanskje igjen stilte han det rette spørsmålet.

Publisert 25.06.2026, kl. 11.02

Read Entire Article