År etter år: Foreldre unngår fødslar i desember

2 hours ago 2



  • Det er vesentleg færre desember-fødslar dei siste seks åra samanlikna med andre månader desse åra.
  • Seinare barnehageopptak og seinare skulemodenheit blir peika på som årsaker.
  • Den politiske prosessen pågår om å endre reglar for barnehageopptak til fordel for desemberbarna.

Foreldre lagar mykje sjeldnare born som kjem til verda i desember enn i toppmånadene juli og august. Det viser fødselstal frå dei siste seks åra, som VG har gått i gjennom.

Ingen har hittil kunne svara presist på kvifor det er slik. Men det manglar ikkje på forslag til forklaringar.

Tendensen er spesielt synleg i Oslo og Akershus. Men også i eit meir bygdeprega fylke som Innlandet, er desemberbarna i mindretal, konstaterer Mari Brugrand Hauge (35) i Otta.

Ho fekk nyleg vesle Vilde (2 mnd.) i desember. Frå før hadde ho Daniel (10), også han fødd i desember.

Ikkje planlagt

Mari og mannen hennar, Timothy, er tydelege på at dei ikkje har planlagt fødselsmånad for nokon av dei to borna. Mamma Mari er også klar på kvifor ho trur det blir fødde desidert færrast born i desember samanikna med dei andre månadene i året.

– Eg tenkjer jo fort at det her har med barnehageopptak å gjere. At ein ikkje er garantert barnehageplass før det har gått fleire månader etter første fødselsdag i desember.

Ho held fram:

– Kontantstøtte får ein ikkje innvilga før barnet er blitt 13 månader gamalt. Så permisjon og ferie er brukt opp i november, men ein får ikke kontantstøtte før i januar. Då blir ein gåande utan inntekt i desember, konstaterer Mari, som er psykolog ved Innlandet sykehus i tillegg til mammarollen.

I Oslo la nyleg det regjeringsoppnemnde Fødselstalutvalet fram sine funn og forslag om kva som må til for å auke fødselstala i landet.

Leiar Ragnhild Kaldager Hart understrekar at ho ikkje har forska på desember-dippen i fødslar, men det første som dett ned i hovudet hennar er ordet barnehageopptak.

Bilde av Ragnhild Kaldager HartRagnhild Kaldager Hart

Leiar Fødselstalutvalet, forskar og demograf ved UiO og FHI.

– Nei, altså, eg trur at i Norge kjem ein jo relativt sett dårleg ut i barnehageopptaket med desemberbarn. Så er det jo nokre ulemper ved å vere fødd seint på året, kanskje særskilt for gutane. Desse er yngst i skulesystemet, seier Hart til VG.

Moden for skulen?

Det er også tidlegare påpeikt, mellom anna i rapporten «Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner» at gutar fødde seint på året kan bli omfatta av kjønnsskilnader i utviklinga av både kognitive, sosiale og emosjonelle ferdigheiter i høve til jenter.

 FHIOPP OG NED: Medan fødselstala for august er høgast (5305) - dalar tala nedover til desember (3605) som månaden med færrast fødslar i 2025. 1700 fleire babyar vart fødde i august enn i desember i fjor. (Kjelde: Medisinsk fødselsregister) Foto: FHI

Leiar Ragnhild Kaldager Hart i Fødelstalutvalet peikar på at desemberbarna sin sjanse for seinare barnehageplass enn andre, kan vere ei årsak til desember-dippen.

– Eg trur det kan ha ei betydning. Desemberbarn får også kortare tid på småbarnsavdelingane i barnehagen, som gjerne er best bemanna. Dei får altså kortare barnehageoppløp og kortare tid i barnehagen - sidan dei også startar på skulen før dei er fylt seks år, seier Hart.

Heime hjå familien på Otta med to desemberbarn, let dei seg ikkje stresse av at vesle Vilde og tiåringen Daniel er blant dei yngste i sine årskull.

Daniel går i femte klasse. Mamma Mari har ikkje kjent på noko uro for at jenter på trinnet er meir skulemodne enn han.

– Nei, ikkje eigentleg. Det kan også vere fordi fleire av venene hans er fødde i november og desember. Slik sett har vi vore heldige. Dette har ikkje bekymra oss så mykje, seier Mari med vesle Vilde på armen.

Mista baby i fødselen

Det var svært sårt for familien at dei mista vesle, nyfødde Christopher i fødsel i januar i fjor. Di meir kjærkome var det at Vilde kom berre eit knapt år etter. Då betyr det ikkje så mykje kva månad ho vart fødd i.

– Eg har tru på dette med at politikarane skal prøve å gjere første klasse meir leikorientert. Det vil gje skulestartarane meir leik og noko mindre teori. Det støttar eg, seier Mari - medan mannen Timothy frå Colorado, USA, nikkar.

Kva trur du er hovudårsaka til «desember-dippen» i barnefødslar?

aSeinare barnehageplass og seinare skulemodenheit.bLitt tett mellom bursdags- og julefeiring.cTrur det er tilfeldige utslag.

Mari er med i ei Facebook-gruppe for foreldre med barn fødde i desember.

I same gruppe er Karita Nordahl Idsø (22) frå Jørpeland i Rogaland med. Ho fekk vesle Konrad (snart 3 mnd.) den 1. desember i fjor.

Karita fortel VG at dersom barnet hennar hadde blitt fødd i november 2025, hadde han hatt rett til plass i barnehagen i kommunen der frå november 2026.

Les også: - Fleire bør lage barn i 20-åra

– Men sidan han kom 21 timar «for seint», har han ikkje rett til plass før i august 2027, fortel mora til VG.

 PrivatUNGT PAR: Vesle Konrad fotografert kort tid etter at han kom til verda 1. desember - i fanget til mamma Karita (22) - i armkroken til pappa Isak (23). Foto: Privat

– Politikarane går hardt ut og vil at me i 20-åra skal få barn. Men eg opplever ikkje at barnehagane tek omsyn til det - eller at blir lagt til rette for det. Sjølv om regjeringa no skal gje desemberbarn like raskt barnehageopptak som andre, så hjelper ikkje det meg, seier Karita til VG.

Ho og sambuaren Isak Måkestad (23) var først nøgde med at dei skulle få barn i desember, men fann ut at det var nokre negative sider med den månaden også.

Månadsvise fødselstal

  • Alle fødde 2020–2025: 325292
  • Januar: 26260
  • Februar: 25175
  • Mars: 27513
  • April: 27283
  • Mai: 28845
  • Juni: 29128
  • Juli: 30128
  • August: 29848
  • September: 27958
  • Oktober 27308
  • November: 23941
  • Desember: 21905

(Kjelde: Medisinsk fødselsregister/FHI)

Ho peikar på ei varm politisk potet i barnehagepolitikken.

Heilt fram til no har det vore slik at får du barn i desember, så risikerer du å måtte gå åtte månader utan løn heime med barnet. Dette fordi dei ikkje har rett på barnehageplass, og dei kanskje ikkje får plass i barnehage, og fordi det er slutt på foreldrepengane.

Ventar på Kari

Desemberbarna er dei som i fleire år har måtte vente lengst på barnehageplass, fordi dei ikkje har hatt lovfesta rett til plass før i august året etter at dei fyller eitt år, altso først når dei er eitt år og åtte månader.

No er det opp til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) å levere den saka som Stortinget har bedt om for å kome desemberbarna i møte.

I desember (sjølvsagt) sa statssekretær Sindre Lysø (Ap) i Kunnskapsdepartementet til VG at ein no arbeider med å utgreie eit lovforslag som skal sendast på høyring, før det blir lagt fram eit lovforslag for Stortinget.

 Line Møller / VG5.KLASSING: Daniel (10) som er fødd i desember - synest ikkje fleksibel skulestart hadde vore noko god løysing for han. Foto: Line Møller / VG

Heime i Otta går diskusjonen i familien Brugrand Hauge om fleksibel skulestart kan vere ei løysing for å vege opp skilnaden i skulemodenheit mellom elevar fødde i januar og desember - i same klasse.

Desember-fødde Daniel (10) får spørsmål om kva han hadde synest om å starte på skulen fleire månader etter at venene sine frå same årskull.

Femteklassingen tenker seg om i to sekundar, og svarar:

– Urettferdig. Det beste er å starte på skulen samtidig med dei som er fødde same året.

Read Entire Article