Smila var breie og stemninga god da statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og daverande næringsminister Jan-Christian Vestre (Ap) besøkte Hønefoss ein solskinsdag i august 2022.
Praten gjekk om industriløft, bioøkonomi og sirkulær økonomi.
– Det eg høyrer her òg, er at dei ønsker kortare behandlingstid på konsesjonssøknader og så vidare. Det er eg veldig klar over, og det jobbar vi med å korte ned på, sa Støre.
Og Vestre følgde opp:
– Dette som går på hurtigheit, framdrift, at det må gå raskare, konsesjonsbehandlingar, løyve, konsesjonar. Dette må skje raskare, sa han.
Her lova Ap-toppane fortgang for ny skogindustri i 2022. Videoen er brukt med løyve frå Viken Skog.
På vent – i tre år
På Hønefoss jobbar Viken Skog og den svenske emballasjeprodusenten BillerudKorsnäs for å få bygd ein fabrikk som skal lage pappemballasje av flis frå gran og bjørk.
– Det er fleire milliardar i investering, og det er den største investeringa i norsk treforedling på meir enn 30 år, seier Billerud Vikens daglege leiar Kjell-Arve Kure.
TREKLYNGEN: – Det er fleire milliardar i investering, og det er den største investeringa i norsk treforedling på meir enn 30 år, seier Billerud Vikens daglege leiar Kjell-Arve Kure.
Foto: Egil Granum / Viken SkogKure reklamerer med 70 lokale arbeidsplassar.
Men godt over tre år etter at Støre og Vestre var på besøk, står prosjektet framleis på vent.
– Vi manglar utsleppsløyve. Og det har vi venta på veldig lenge. Vi kjem ikkje lenger med prosjektet vårt før vi har eit løyve på plass. Så vi er nøydde for å ta ned aktiviteten, seier Kure.
VENTETID: Dagleg leiar i Viken Skog Kjell-Arve Kure.
Foto: Bjørn-Hugo Pettersen / Viken SkogUtslepp
Utslepp både til lokale vassdrag og Oslofjorden er grunnen til at Miljødirektoratet har avslått å gi prosjektet utsleppsløyve. Nå ligg saka på bordet til Klima- og miljødepartementet.
Men opposisjonen på Stortinget fortviler over tidsbruken.
– Vi treng å få på plass investeringar i skogindustrien i Noreg, bruke skogen til å skape verdiar, ny grøn industri. Og så har statsministeren lova at dette skal gå kjempefort, og så tar det så lang tid, seier Senterpartiets Geir Pollestad.
TIDSBRUK: Senterpartiets Geir Pollestad ber regjeringa avklare om Viken Skog får utsleppsløyve eller ikkje for den nye fabrikken.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Har du fått noka god forklaring på kvifor det tar så lang tid?
– Nei, eg har ikkje det. Seinast i vår vedtok Stortinget at denne saka måtte behandlast raskt. Sidan har det skjedd lite i saka, og nå treng vi ei avgjerd.
– Kva er det som står på spel her?
– Det står eigentleg om framtida til norsk skogindustri. Det vil ta lang tid om ikkje dette prosjektet kjem, for at andre skal våge å investere i norsk skogindustri.
Også Morten Wold i Frp krev ei avklaring.
– Eg synest jo dette er langdrygt og trist. Det viser ein total mangel på handlekraft frå departementet og regjeringa.
– Men bør ikkje også Framstegspartiet ta inn over seg at det er behov for å greie ut miljøkonsekvensane grundig?
– Jo, men det må gå an å gjere det utan å bruke fleire år.
KRITISK: Morten Wold i Frp etterlyser handlekraft frå regjeringa.
Foto: Haakon Nesse Moreau / NRK– Teknisk og komplisert
Reglane som gjeld etter vassforvaltninga, og som i stor grad kjem gjennom EØS-avtalen, er tekniske og kompliserte, forklarer klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
– Det er viktige analysar som skal gjennomførast i tillegg. Dei skal vi gjere grundig og skikkeleg, sånn at vi veit at den avgjerda som vi landar ned på til slutt, at ho står seg, seier han.
– Når får dei eit svar på Hønefoss?
– Dei får eit svar så raskt som mogleg. Vi har ingen mål om at dette skal ta ein dag lenger enn det treng.
KOMPLISERT: Klima- og miljøminister Andreas Bjelland-Eriksen (Ap) kan ikkje seie når Viken Skog får svar frå departementet.
Foto: AFP– Var det dumt å love for tre år sidan at dette skulle gå fort, og seie at ein heiar på prosjektet?
– I utgangspunktet skjønner eg veldig godt kvifor ein har sagt det. Det er eit prosjekt som har fått støtte gjennom verkemiddelapparatet av ein grunn. Det er eit spennande prosjekt.
I Hurdalsplattforma frå 2021 fastsette regjeringa, med Ap og Sp, eit mål om å «auke norsk eksport utanom olje og gass med minst 50 prosent innan 2030.»
– Kor lett blir det å nå det målet, når ein ser kor komplisert det er å få starta ny, grøn industri?
– Eg synest ikkje vi skal skjere all ny, grøn industri over éin kam. For det er forskjellar, og eg opplever jo òg at ein har mykje spennande eksportretta verksemd som blir utvikla i Noreg, seier statsråden.
– Men vi må også klare å prioritere og forenkle, for eksempel når det gjeld arealtilgang.
Publisert 09.12.2025, kl. 05.20




















English (US)