Arbeidarpartiet vil ta initiativ til ein ekstern granskingskommisjon oppnemnd av Stortinget skal sjå på Epstein-dokumenta.
– Arbeidarpartiet er opne for at kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget kan sette ned ein ekstern granskingskommisjon. Det skal dei drøfte i møtet i morgon, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Då justisdepartementet i USA nyleg offentleggjorde fleire millionar med dokument frå etterforskinga av den no døde seksualforbrytaren og finansmannen Jeffrey Epstein, kom det fram at Epstein hadde tett kontakt med blant andre tilsette i den norske utanrikstenesta.
Det er fleirtal på Stortinget for ei grundig gransking av denne kontakta, men det har vore diskusjon om korleis ei slik gjennomføring skal gjennomførast.





English (US)