Fleire enn 100 blei drepne i eit angrep på ein barnehage i Sudan den 4. desember, ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).
Barnehagen blei først angripen med missil frå dronar. Då foreldre og helsearbeidarar strøymde til for å frakte dei skadde til det nærmaste sjukehuset, blei også dei angripne.
Det skriv WHO-sjef Adhanom Ghereyesus på X.
Totalt blei 114 drepne, 63 av dei barn.
Ifølge WHO blei barna drepne i det første angrepet, medan foreldre og helsearbeidarar blei drepne då dei frakta skadde barn til sjukehus og då sjukehuset sjølv blei angripe.
Det finst lite bilde- eller videomateriale frå angrepet eller området.
Den anerkjende legeorganisasjonen Sudan Doctors Network skuldar den berykta paramilitære hæren RSF og SPLM-N for å stå bak.
Dei har ikkje kommentert angrepet.
Dette må du vite om krigen i Sudan
- Hvem kjemper mot hverandre?
Det har vært borgerkrig i Sudan siden 2023. Der kjemper først og fremst to styrker mot hverandre:
- Den sudanske hæren, kjent som SAF
- Rapid Support Forces, kjent som RSF
De to styrkene jobbet sammen i flere år. Men de røk uklare med hverandre i 2023 på grunn av press om å slå seg sammen. Siden har de kjempet mot hverandre for å få kontroll over Sudan.
RSF mottar støtte fra blant andre De forente arabiske emirater. Emiratene tjener store penger på å støtte militsen med fremmedkrigere og våpen, i bytte mot tilgang til Sudans gull.
- Hva kjemper de om?
Både regjeringshæren og RSF kontrollerer store ressurser som de ikke er villige til å gi opp, blant annet gull.
RSF kontrollerer store deler av Vest-Sudan, blant annet Darfur-regionen. I oktober 2025 tok RSF kontrollen over storbyen Al-Fashir, etter en 18 måneder lang beleiring.
SAF kontrollerer mange områder i øst, inkludert mesteparten av hovedstaden Khartoum.
- Hvilke konsekvenser har krigen fått?
Konflikten blir kalt «verdens største sultkatastrofe». 24,6 millioner mennesker lider av akutt matmangel, ifølge Flyktninghjelpen.
Minst 12 millioner mennesker har flyktet fra hjemmene sine. I mai anslo FN at 150.000 mennesker trolig er drept, mens flere mener det reelle dødstallet er enda høyere.
Konflikten er komplisert og har røtter tilbake til borgerkrigen som herjet fra 1983 til 2005.
Både RSF og regjeringshæren SAF har begått overgrep mot sivilbefolkningen. RSF blir etterforsket av Den internasjonale straffedomstolen for mulig folkemord etter en rekke overgrep i 2005 og høsten 2025.
Krigens nye front
Barnehagen som blei angripen ligg i byen Kalogi i Kordofan, ein region som ligg midt i den mest intense krysselda i krigen akkurat no.
Regionen består av statane Nord-, Sør- og Vest-Kordofan, og ligg skvist mellom Darfur i vest og hovudstaden Khartoum i nordaust.
I Sør-Kordofan er det den sudanske fraksjonen av Det sudanske folks frigjeringsrørsle, SPLM-N, som styrer. Dei inngjekk nyleg ein samarbeidsavtale med RSF om å kjempe imot regjeringsstyrkane.
Område i gult er kontrollert av RSF, medan område i raudt er kontrollert av SAF. Det skraverte området i midten er i hovudsak kontrollert av SPLM-N.
Regjeringshæren tok tilbake kontrollen over Khartoum i mars, og no vil RSF ha omkamp.
Etter at RSF tok full kontroll over Darfur i slutten av oktober, har dei konsentrert seg om å erobre heile Kordofan, og dimed få fri tilgang til hovudstaden.
Det seier ein talsperson for SPLM-N til NRK.
- I Darfur ligg byen Al-Fashir, der 150.000 framleis er sakna og truleg meir enn 60.000 drepne etter at RSF storma byen i slutten av oktober:
Har nådd viktig oljefelt
Greier RSF å ta kontroll over alle dei tre Kordofan-regionane aust i landet, tilsvarer det eit område på storleik med Tyskland.
Måndag skriv RSF på Telegram at dei har tatt kontroll over eit strategisk plassert oljefelt sør i Kordofan, med namn Heglig.
Det betyr tap av ei viktig kjelde til inntekter og ressursar for SAF, medan RSF blir ytterlegare styrka.
RSF-soldatar feira då dei erobra byen Babanousa i Vest-Kordofan 1. desember. Skjermbilde av video delt på Telegram.
Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters / NTBInteressert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens podkast:
Publisert 08.12.2025, kl. 14.07















English (US)