Amerikanske medium: Netflix vil kjøpe HBO Max

1 hour ago 2



Strøymegiganten Netflix vil kjøpe HBO Max og Warner Bros Discoverys film- og TV-verksemd, skriv amerikanske medium, melder NTB.

Oppkjøpet skal ikkje inkludere tradisjonelle TV-kanalar som CNN og TNT.

Selskapa skal ha inngått «eksklusive forhandlingar» og ein avtale skal bli kunngjort dei kommande dagane, melder Variety og Bloomberg.

Forhandlingane skjer etter at Netflix har hatt bodkrig i fleire veker mot konkurrentane Paramount Skydance og Comcast.

Read Entire Article