Alt er enklare når du brukar nynorsk, sjølv om du då ofte blir mobba

3 hours ago 3



Alt er enklare når du brukar nynorsk, sjølv om du då ofte blir mobba.

Også kjønn er enklare på nynorsk, meiner Leiv Torstveit. Foto: Jacob J. Buchard

Nynorsk har tre kjønn, hankjønn (ein mann), hokjønn (ei kvinne) og inkjekjønn (eit barn).

Og vil me vere nøytrale om kjønn seier me «eit menneskje». For ikkje å gløyme dagane i veka: søndag (sola sin dag), måndag (månen sin dag), tysdag (Ty sin dag), onsdag (Odin sin dag), torsdag (Tor sin dag), fredag (Frigg sin dag) og laurdag (dagen ein laugar seg).

Det er forunderleg at ingen føler seg støtte, krenka, trampa på eller protestarar på at vekedagar er kalla opp etter gamle norrøne gudane.

Alle tek me til som inkjekjønn, og til vanleg enda me opp som mann eller kvinne. Du er barn fram til du er kjønnsmogen. Slik er det med alle pattedyr. Eit føl bli til ein hingst eller ei merr. Eit lam er anten saulam eller vêrlam. Får lammet lov til å leve i to år, er det då anten sau eller vêr.

Mellom fem og ti barn, der ein er i tvil om kjønn, blir kvart år fødde i Noreg. Så reint biologisk er me menneskje tre kjønn. Men kva kjønn ein vil vere, ja, det er noko som sit i hovudet. Og i hovudet sit både augo med fargar og øyro. Men du kan leve godt med syn på eit auga eller å høyre berre med eit øyre. Og fargen på augo har ingenting å gjere med kva menneskje du er.

Ja, korleis du er, har ikkje noko med om du er eller vil vere, kvinne eller mann. Det er bra at ein brukar uttrykket «skeiv» og ikkje skakk. For Erling Skakke drap alle gutar som var søner til kongar.

Kort sagt: Bruk nynorsk! Då er det lettare å få fram kva ein meiner.

Read Entire Article