«Alt dette og meir til skal vekk med eit «pennestrok», berre for å få vekk eigedomsskatten»

2 hours ago 1



Leserinnlegg
Leserskribenten: Bjørn-Harald Mydland Foto: Bjørn Hoel

Oppdatert:40 sekunder siden

Når krubba er tom, bitast hestane, heiter det i eit gamalt ordtak. No ser det ut til at dette verkeleg synest for ein kvar, og att på til i Farsund kommune!

Rådmannen svingar «ljåen» over budsjettet for komande år, etter ordre frå fleirtalet i kommunestyret. Hans framlegg er å skjera ned på opningstidene i SFO (skulefritidsordninga) og barnehagane. Stilling(ar) på biblioteket er føreslått fjerna. Betyr det at bok-filialen på Båro skal leggjast ned? Kulturlivet får mindre støtte, og må bruka tid på å skaffa private sponsorar, eller annen økonomisk støtte. Den eineståande «kulturkommunen» Farsund som har Nordsjøfestivalen, revy, mange kor, fleire dyktige musikkorps og mykje anna, allsidig kulturlivet. Tenk deg ein 17. mai utan korpsmusikk?

Alt dette og meir til skal vekk med eit «pennestrok», berre for å få vekk eigedomsskatten.

Nei, hald på denne «ekstraskatten», gjerne med eit skikkeleg botnfrådrag så vanlege huseigarar blir skjerma. Gled dykken heller over at de som må betala litt «ekstraskatt» gjer ei god samfunnsgjerning.

Ver klar over at ein får dei politikarar ein fortener, alt etter kva ein røyster.

Beste helsing

Bjørn-Harald Mydland Skribent/forfattar

Les også:

Foreslår kutt i støtte til festivaler, lag og foreninger

Les også:

Kommunedirektørens budsjettforslag: – Vi må gjøre noen tiltak

Read Entire Article