ALS set ikkje ein stoppar for Lars: – Når ein er sjuk, så kan ikkje venane seie nei

14 hours ago 3



Da Lars Eide (64) blei sjuk og fekk diagnosen ALS for eit par år sidan, nekta han å sette seg ned og døy. Sivilingeniøren har alltid levd eit aktivt liv og vore veldig sosial. Og det har han ikkje slutta med.

– Det å vere sjuk i Noreg, det er ikkje så verst, seier han. Og held fram:

– For ein får så god hjelp frå heimehjelpa, og frå Nav og frå kommunen.

Og så får han veldig mykje hjelp og selskap frå venegjengen sin.

For sjølv om sjukdommen har sett ein effektiv stoppar for mykje av den fysiske aktiviteten, køyrer ingeniørhjernen i høggir. Det manglar ikkje på kreative løysingar for å hjelpe han i kvardagen. Og heller ikkje på idear som gjer at han kjem seg ut.

No etter påske var han på skitur. I lenestol. Lars hadde ideen, og treskia ståande i garasjen.

Og kompisane, dei stiller opp.

Skitur i Vauldalen, ikkje langt frå svenskegrensa søraust i Trøndelag, med familie og venar våren 2026.

– Vi blir jo piska ut og må stille opp på alle ideane hans. Vi må jo det. Vi kan ikkje la vere, ler Bård S. Solem.

Blei svakare i armane

Det er tre år sidan Eide fekk diagnosen. Utreiinga tok tid. Det første han merka var at han blei svakare i fingrane på høgrearmen. Sidan har det gått nedover, og han har mista meir og meir kraft i armane og nakken.

– Beina og vettet held seg betre. Heldigvis har eg ikkje vondt nokon plass, og sjukdommen utviklar seg sakte, seier Eide.

Det har alltid vore viktig å halde motet oppe.

– Du kan seie det sånn, at eg har vore veldig heldig som ikkje har blitt deprimert. Det er fort gjort å bli det når ein blir sjuk, har eg høyrt, seier han.

Eide meiner ein må prøve å gjere det ein kan, og ikkje bruke så mykje krefter på det ein ikkje får til.

– Og så må ein utnytte mogelegheitene. For når ein er sjuk, så kan ikkje venane seie nei når du spør dei om noko, seier han med glimt i auget.

– Om eg inviterer nokre venar på middagsbesøk, så må dei handle, lage maten sjølv, mate meg, og rydde opp! Eg treng ikkje gjere nokon ting!

Solem er éin av venane som stadig stiller opp.

Han seier også at det er litt «payback-time» for alt det morosame dei har fått vere med på opp igjennom. Han har kjent Eide sidan midten av 80-talet.

Éin av dei store lidenskapane har vore treskuta Soløy II. Skuta har vore samlingspunktet for Lars og vennene hans sidan han kjøpte ho i 1982. Eide fortel at båten har vore ein viktig sosial arena.

– Han er stor og har plass til mykje folk.

Soløy II i solnedgang

Eide eigde Soløy II frå 1982. I fjor sommar var dei på ein siste segltur rundt Hitra før han selde skuta.

Foto: Bård S. Solem / privat

– Å ha det artig rundt ein dugnad, det er ein måte å ha det sosialt og fint saman, reflekterer kameraten.

Mange gode påfunn

Men tilbake til Lars og oppfinningane. Det blei til dømes fort vanskeleg å skjenke seg eit glas vin.

BÅSS. Kalla opp etter kompis Bård S. Solem, som hjelpte til å snikre den.

Og så har du lynavleiaren. Ganske tidleg i sjukdomsforløpet fann han ut at han trong hjelp til å halde hovudet oppe. Løysinga blei ein ryggsekk med ein brøytestikke nedi. Denne tok han med seg til hjelpemiddelsentralen, og i dag har han fått produsert ei meir haldbar løysing.

Lars Eide på seilas rundt Hitra sommeren 2025

Lars Eide held hovudet oppe med hjelp frå «lynavleiaren». Her frå tur med skuta i fjor sommar.

Foto: Bård S. Solem / privat

Og så hadde Eide eitt problem til.

– Eg er så jævla lettrørt. Emosjonell inkontinens, er det noko som heiter.

Og når han får tårer i auga ser han ingenting ut av brillene. Men utan hender som fungerer i særleg stor grad blei det utfordrande å få tørka tårene. Løysinga blei denne.

Denne innrettinga hjelper Lars med å få av seg brillene, tørke auga, og få på brillene igjen.

Ikkje så mange planar framover

Det neste målet blir å få montert hjul på lenestolen, så han kjem seg ut i han på sommarføre. Planen er klar i hovudet til Lars, og Bård er klar til å skru.

Til sommaren har han ikkje så mykje planar enno. Men han får vere med ut med skuta han har selt. Så ei veke på sjøen som passasjer er han sikra.

– Utover det må eg ta det som det kjem. Eg får presse meg innpå nokre venar. Dei vil jo ikkje si nei.

Lars og vennene ombord

Sosialt å vere på båt. Her frå ein av fire turar rundt Hitra i fjor sommar.

Foto: Bård S. Solem / privat

Publisert 25.04.2026, kl. 15.32

Read Entire Article