KOMMENTAR: Verda har endra seg. Norge må diskutera forholdet sitt til EU på nytt.

Torsdag var næringsminister Cecilie Myrseth i Brussel for å be om særbehandling frå EU i handelskrigen. Handelskommissær Maros Sefcovic kunne ikkje gi nokon garantiar til Norge - som to gonger har sagt nei til å medlem av EU. Foto: Bogdan Hoyaux / EU / Handout / NTB
  • Jan Zahl

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

4. mars 2024 klokka 12.15 blei det svenske flagget for første gong heist utanfor Natos hovudkvarter i Brussel. Etter å ha vore nøytralt i meir enn 200 år – og gjennom både 1. og 2. verdskrig – hadde Sverige snudd. Verda hadde endra seg med Russlands invasjon av Ukraina i februar 2022. Eitt år etter at også Finland snudde i utanrikspolitikken, blei Sverige forsvarsalliansens 32. medlem.

Eitt år etter denne historiske endringa i svensk (utanriks) politikk, er det ein gryande debatt om EU i Norge. Sist helg vedtok Venstres landsmøte å gå inn for ei ny folkeavstemming om EU i løpet av neste stortingsperiode. Venstre-leiar Guri Melby skulda Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) – som begge vil ha Norge inn i EU – for å sitja i verdas minste kommentatorboks i staden for faktisk å gjera noko aktivt.

Les hele saken med abonnement