Alle har høyrt musikken hans – men «ingen» veit kven han er

8 hours ago 5



Sjansen er stor for at du har høyrt minst ein av dei:

Sjølve den ikoniske kjenningsmelodien til Lars Monsen.

Musikken til kjente TV-seriar som «Forræder» og «Spillet» på TV 2.

Eller «Familien Nerdrum» på NRK og musikken til «Karsten og Petra – Gullringen fra Atlantis».

Rett og slett lyden av mykje av det som går, og har gått, på TV i dag.

Bak all musikken som set preg på programma, er Raymond Enoksen frå Mosjøen. Ein klassisk utdanna komponist, som no bur på Stabekk utanfor Oslo med kona og sine to barn.

Det heile starta då Lars Monsen skulle ha ein introlåt til Canada på tvers for 20 år sidan.

Her viser han fram førsteutkastet som blei til på to korte timar:

Raymond Enoksen viser fram utgangspunktet til den kjente Lars Monsen-musikken.

– Har betydd alt

Det er 20 år sidan regissøren for Canada på tvers troppa opp på trappa til Enoksen sin studenthybel.

Etter første lytting visste han at dette var den riktige låten for Monsen sitt program.

– Den har på mange måtar betydd alt. Det var jo ein døropnar, den serien vart jo enormt populær og musikken vart veldig lagt merke til, seier komponisten.

Prosjektleiar for «Monsen og nasjonalparkene», Håvard Jenssen, meiner musikken har mykje å seie for TV-programma.

Lars monsen og nasjonalparkene

Foto: NRKTV

– Det er sjølvsagt at Monsen sjølv ein er ein unik TV-fyr.

Men det er også musikken, og at folk er så glad for å kjenne han igjen.

– Då veit dei at no skal vi sette oss ned, no kjem vi i denne stemninga og kan berre kose oss. No kan vi puste ut og vere på tur, og det underbygger musikken.

Enoksen har bidratt musikalsk til over 160 film og TV-seriar.

Her kan du bla deg gjennom nokre av dei:

  • En mann med isete skjegg og pelslue

    Det heile starta som nemnt då Enoksen lagde den ikoniske musikken til Lars Monsens "Canada på tvers". Musikken har følgt med i ulike variasjonar gjennom Monsen sine mange program, seinast "Monsen og nasjonalparkene".

    Foto: NRK
  •  Dag Hammarskjöld (Mikael Persbrandt) prøver å få en slutt på Kongokrisen i «Hammarskjöld».

    Musikken til den svenske storfilmen "Hammarskjöld". For musikken til denne filmen vann Enoksen sin første internasjonale, individuelle pris under Barcelona Sant Jordi International film festival.

    Foto: Jurgen Marx / Nordisk Film Distribusjon
  • Mads Hansen foran en promolerret av Forræder

    Introlåta til TV2-suksessen "Forræder" kor kjendisar flyttar inn i ein villa for å løyse ei rekke oppdrag, mens tre personar heile tida har rolla som forrædar, der oppdraget er å villeie og eliminere folk i gruppa.

    Foto: TV 2
  • Bilde av ein X, logo til "Spillet"

    Musikken til TV2-programmet "Spillet", som har gått på TV 2, kor ulike kjendisar skal delta i eit sosialt spel om pengar, makt og sosiale relasjonar.

    Foto: Faksimile TV 2
  • To menn og en kvinne poserer for et bilde og ser i kamera

    Musikken til den mykje omtalte serien "Familien Nerdrum".

    Foto: NRK TV
  • Jon Martin Henriksen, Johan Leonard Færaas, Magnus Devold, Martin Lilleberg, Davido, Myra, Hedda Skaug, Tamanna Agnihotri, Kari Schibevaag og Heidi Røneid er med i kampen om tittelen som norgesmester.

    Musikk til seks episodar av "NM i gjemsel" som gjekk på NRK hausten 2024.

    Foto: Espen Solli / Monster / NRK
  • Jakten på monsterkveita, Bård Tufte Johansen og Lars Lenth.

    Musikk til seks episodar av NRK-serien "Jakten på monsterkveita", kor Bård Tufte Johansen og kompisen Lars Lenth reiser til Finnmark for å jakte på monsterkveita og leve i pakt med naturen.

    Foto: Field Productions / NRK
  • En gutt ser i et forstørrelsesglass

    Musikk til "Karsten og Petra – Gullringen fra Atlantis". Raymond Enoksen synest det er ekstra stas å lage musikk i målgruppa for sine eigne ungar på tre og sju år.

  • atlantic crossing kurator

    Musikk til åtte episodar av dramaserien "Atlantic Crossing" som blei vist på NRK i 2020. Serien er produsert av selskapet Cinenord og stakk av med den internasjonale Emmy-prisen i kategorien beste TV-film eller miniserie.

  • Thomas Giertsen spiller seg selv i Helt perfekt.

    Musikk til 110 episodar av TV Norge-serien "Helt Perfekt", kor Thomas Giertsen spelar seg sjølv.

    Foto: TVNorge

Gir ut musikken etter 20 år

Enoksen og Jenssen har samarbeida mykje om «Monsen-musikken» over 15–16 år.

– Det har blitt eit DNA i den «monseniske forteljinga». Sett vekk frå Monsen sjølv, er musikken det viktigaste som denne pakken inneheld, seier Jenssen.

Han fortel at det er mange som har etterspurt musikken, enten til å spele av i 70-årslag, eller fordi ungdomar vil ha musikken når dei skal ut på tur sjølv.

I mars i fjor leia Enoksen innspelinga av musikken med Kringkastingsorkesteret til «Monsen og nasjonalparkene» frå produsentbua.

I februar i år gav Enoksen og Kork ut musikken på strøymetenestene for første gong.

Her instruerer han Atle Antonsen i plystringa av eit Monsen-tema:

Atle Antonsen plystrar eit Monsen-tema etter instruks frå Raymond Enoksen.

Både dramaseriar og VM

Etter Monsen-musikken for 20 år sidan, som er rekna å vere Enoksen sin største kommersielle suksess, rann det fort inn med telefonar og moglegheiter.

Men den største kunstnariske utfordringa var musikken til dramaserien «Atlantic Crossing».

Serien slo breitt ned i Noreg og Norden, blei seld til USA og vist i alle dei 50 delstatane.

atlantic crossing kurator

Men det er ikkje berre musikk til TV og film Enoksen har engasjert seg i.

Men han fekk også oppdraget om å lage musikken til TV-bilda frå VM som kjem til veka.

Vann gjev pris

I haust gjekk Raymond Enoksen heilt til topps under Barcelona Sant Jordi International film festival. Prisen vann han for å ha laga musikken til den svenske storfilmen «Hammarskjöld».

– Min inspirasjon kjem av dei bilda eg får. Inspirasjon blir på en måte gitt oss i fanget, seier Enoksen.

En mann med brun skjorte og svart hår spiller på et piano

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Det blei hans første internasjonale individuelle pris.

– Eg drøymer sjølvsagt om å ha fått ein, i lat oss seie Hollywood, kor ein har så mykje ressursar tilgjengeleg. Det er noko ein aldri har i Europa på same måten.

– Er det ein draum du har, å få ein Hollywood-film?

– Eg burde sikkert seie ja, men på ein måte nei også, for eg synest jo europeisk film ofte er blant dei beste filmane då.

– Går nok under radaren

Programleiar og filmmeldar i NRK, Birger Vestmo, meiner at musikken er ein integrert del av ein kva som helst film. Musikken hjelper oss å forstå historia si stemning.

Skal vi le, gråte eller synest at noko er skummelt?

– Musikken er ein viktig reiskap for ein kva som helst filmskapar for å hjelpe publikum å forstå historia som blir fortalt.

– Det er nok eit fagfelt som ofte går litt under radaren for vanlege folk, fordi vi er vande med at filmmusikken berre er der, seier Vestmo.

Birger Vestmo på Amanda i Haugesund 2020

– Tenk deg «E.T» sin «Flying» utan John Williams sin musikk, det hadde jo vore ei heilt anna filmoppleving enn det har blitt, seier Vestmo.

Foto: NRK

Fleire filmar ville ha gitt ei heilt anna oppleving utan musikken, meiner han.

– Lyd generelt i film er omtrent halve opplevinga, og her er filmmusikken ein veldig viktig del.

– Gjer mest av alle i Noreg

Filmmusikk-vitar Thor Joachim Haga høyrde først om Enoksen då han gjorde musikken til «Ut i vår hage» for snart 20 år sidan.

– Han skil seg ut ved at han openbert har ein høg arbeidskapasitet. Eg vil seie at han akkurat no gjer mest av alle i Noreg.

Men også ved at han er god på å blande ulike trendar i musikken.

Mann med briller ser ut i et rom

Thor Joachim Haga er redaktør for Noregs første filmmusikk-nettside «Celluloid Tunes».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Internasjonale og amerikanske trendar med europeiske og norske. Mens andre komponistar kanskje er litt meir i si eiga boble, seier Haga.

– Så er han veldig god på å ha eitt tema som han skriv og gjer ulike variasjonar av. Det trur eg også er fordi han varierer dei inni sjølve episodane. Så gjer han morosame variasjonar av det tema som kjem igjen og igjen.

Publisert 22.02.2025, kl. 18.37

Read Entire Article