Alfred har jakta bustad i fleire månader: – Må kle oss pent

6 hours ago 1



– På søndag drog eg frå Larvik til Oslo på dagen for å kome på visning, seier 19 år gamle Alfred Bøe.

Han har pause i eksamenslesinga og brukar tida på det som kjennest som ei evig jakt etter stad å bu.

Gut sit med og ser på ubesvarte medlingar på Finn.no.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Etter 50 meldingar har han og kompisgjengen berre fått to visningar.

– Vi merkar at det er forskjell på oss og venninnene våre. Dei har funne ein stad å bu på to veker, mens eg har brukt fleire månader, seier Bøe.

For jakta, den starta allereie i februar.

Overvekt av «jentekollektiv»

Eit raskt søk på Finn viser at det ligg seks gonger så mange annonsar ute med ordet «jentekollektiv» i forhold til ordet «gutekollektiv».

Men for Bøe er det heller ikkje napp å få på dei annonsane som ikkje spesifiserer kjønn.

Bilde av melding på Finn.no til utleigar

Ei av mange meldingar på Finn der utleigar berre har lest meldinga.

Fotografi: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Sjølv etter ei godt gjennomtenkt melding, merkar han at utleigarane er skeptiske.

– Når vi har vore på visning, får vi spørsmål som: «Ja, men de er rolege, eller?». Det verkar som om dei er redde for at med ein gong ein gut flyttar inn, så blir det bråk klokka fem på natta.

Kan vere ulovleg

Ifølge jurist Thea Gabrielsen hos Likestillings- og diskrimineringsombodet er det ulovleg å kjønnsdiskriminere når ein leiger ut husrom.

Likevel finst det nokre gråsoner som gjer at ein kan snike seg unna lova.

en kvinne i blå skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Thomas B Eckhoff / Thomas Eckhoff

– Om det bur ei jente der frå før som ønsker det fordi leigetakarane deler bad, eller utleigar sjølv bur i leilegheita, kan det vere lov å velje på bakgrunn av kjønn, seier Thea Gabrielsen.

Ho fortel at desse unntaka finst for å verne om leigetakarane sitt privatliv, men gjer det vanskeleg å felle nokon i diskrimineringsnemnda.

Annonse som viser ein utleigar som ønsker å leige ut eit tomt kollektiv,berre for jenter.

Denne annonsen er ulovleg fordi utleigar ikkje oppgir sakleg grunn, og bustaden er heilt tom.

Fotografi: Skjermbilde / Finn.no

Ulik tolking

Dette er ikkje advokat Tom Risa i Leieboerforeningen einig i.

– Det er ikkje slik at alle spring nakne rundt og sleng med kjønnsorgana sine der dei bur, seier han.

Bilde av mann (Advokat Tom Risa) med briller.

Advokat Tom Risa i Leieboerforeningen reagerer sterkt på diskrimineringsnemnda si forklaring.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Dermed meiner han at det å dele bad ikkje er sakleg grunn.

– Da kan dei låse baderomsdøra, akkurat som alle andre, fastslår han.

– Må kle oss pent

Tilbake på Blindern er Alfred Bøe i gang med eksamenslesinga.

Dette prøver han å få fram i meldingane han sender til utleigarane.

Alfred Bøe studerer på grupperom på Blindern

– Studiet er førsteprioritet, seier Alfred Bøe.

Fotografi: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– Og om vi får visning så er det berre å kle seg pent og vise at vi er oppegåande.

Akkurat det har fleire av utleigarane nemleg blitt overraska over.

Sjølv kjem han ikkje til å melde inn sak til diskrimineringsnemnda, men kryssar fingre for at han kan bu med kompisane sine.

– Vi må berre starte tidlegare og vere førebudde på å få mange avslag, seier han.

Publisert 01.06.2026, kl. 05.18

Read Entire Article